Over 6000 på Festspela

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festspeldiktar Agnes Ravatn og årets nynorskbrukarar Aasmund og Odd Nordstoga slo an tonen opningsdagen. Sidan heldt det berre fram i fire strålande dagar med varierte og fullsette arrangement.

– Festspeldiktar Agnes Ravatn er litterært original og har sett eit tydeleg og viktig preg på Festspela i år, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nettrolla

– Temaet Makt gav oss store rom når vi skulle fylle dei ulike programpostane, og vi fekk gleda av å gi publikum både gode festivalopplevingar og eit par kraftfulle debattar. Festspelgjestene kunne også ta med seg ny kunnskap og uventa innsikt om viktige emne, frå litterære klassikarar til digitale medium.

LES OGSÅ: Bli med Grunnlova på turné

Feiring
Som ei feiring av nynorsk og dialektar skal Dei nynorske festspela femne svært vidt. Det nynorske mangfaldet viste denne gongen att i fleire titals arrangement om språk og litteratur, og i seks konsertar med like mange musikalske uttrykk.

– Dette gjer Festspela viktige for gjestene, som får eit meir variert tilbod enn mange andre stader, og får fram kva verdiar nynorsk skriftkultur tilfører eit mangfaldig Noreg, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

– Aldri før har fleire besøkt litterære og språklege arrangement under Festspela, seier Øvereng, og legg til at det har vore jamt høge gjestetal på alle arrangement i år.

LES OGSÅ: Nynorskprisvinnaren: – Gjer språket enkelt!

Det totale gjestetalet enda på om lag 6.100 gjester, godt over budsjett. Førebels rekneskap er klar i september.

– Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og kostnadene har vore under kontroll, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet.

 – Den auka støtte vi no har fått frå vertskommunane er avgjerande for at Festspela kan halde høg kvalitet. Det same er godt samarbeidet med lokalmiljøet og innsatsen til dei mange frivillige, avsluttar han.

Les saka i Møre-Nytt.