Dei fleste har så smått no starta på sommarferien sin, tida då sommarvikarar tek over mykje av det daglegdagse arbeidet i ulike bedrifter.
Ifølgje VG viser LOs sommarpatruljes rapport frå i fjor at 30 prosent av unge nordmenn i sommarjobb ikkje hadde arbeidskontrakt.
I tillegg har LO funne tilfelle der sommarvikarane har fått veldig dårlege «avtalar».
– Vi har funne folk som har jobba innptil 16 timar dagen utan å få overtidsbetaling. Andre får produkt som løn, seier ungdomsrådgjevar i LO, Kent Rune Pedersen til VG.
LES OGSÅ: Færre utlyste sommarjobbar i år
Seks tips
I artikkelen kjem avisa med seks råd som ein ein bør sjekke opp før ein skal ut i sommarjobb denne sommaren.
Kontrakt: Få ein skriftleg avtale. Her bør informasjon om deg og arbeidsstaden stå, i tillegg til detaljar ved sommarvikariatet.
Arbeidstidvedtak: Ein har krav på minst 40 prosent overtid etter ni timar.
Pause: Etter fem timar har du krav på ein pause, ein halvtime. Dersom arbeidsdagen er på åtte timar eller meir, skal pausen(ane) vere på til saman minimum 30 minutt.
Opplæring: Du har krav på opplæring til å gjere den jobben du skal utføre, både fagleg eog sikkerheitsmessig. Denne opplærings skal også vere betalt.
Lønsslipp: Som arbeidstakar har du sjølv ansvaret for å sjekke at du får utbetalt rett løn.
Sluttattest: Når du er ferdig kan det vere greitt å få ei tilbakemelding på arbeidet du har gjort, som kan kome til nytte neste gong du søkjer sommarjobb.
For å lese meir om arbeidsreglar for ulike aldersgrupper, kan ein lese meir på Arbeidstilsynets heimesider.
LES OGSÅ: Verdas våtaste sommarjobb?
Les fleire saker om sommarjobb her!