Deler boktips på #lesesumar
Her er gode lesetips til barn og unge!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs Mållag oppmodar til digital dugnad for å lyfte fram den nynorske barnelitteraturen gjennom emneknaggen #lesesumar.
Sumar er lesetid, og sumar er lesetipstid. Avisene er fulle av lesetips og ”kva bøker skal du ha med på stranda”-artiklar. Diverre tilrår dei fleste av desse artiklane berre bøker på bokmål. For nokre dagar sidan tipsa NRK om gode bøker for småungar. Ingen av dei var nynorske. No vil Mållaget bøte på det.
– Me oppmodar til digital dugnad for å syne fram kor mykje god barne- og ungdomslitteratur det finst på nynorsk, slik at ungar får gode leseopplevingar på nynorsk i ferien, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.
Det finst eit hav av god barnelitteratur på nynorsk, og Mållaget har fått med seg forlaga Samlaget og Skald til å dele sine tips. I tillegg er nynorskbok.no med, ei nettside med gode lesetips til barn og unge på nynorsk. Og på Framtida.no finn du siste bokmeldingar og boknytt. Saman oppmodar dei alle til å dele lesetips i sosiale media under emneknaggen #lesesumar.
– Skal barn og unge verte gode nynorskskrivarar treng dei gode språklege førebilete på nynorsk. Dei treng ei real nynorsk rotbløyte. Då må bøkene på nynorsk synast og kunne veljast. Den gode nynorske barne- og ungdomslitteraturen finst der ute, i haugevis, men han må løftast fram, seier Tennø.
#lesesumar på Instagram: