Offer på vent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tenk deg at du vart overfallen av nokon i 2011, og at illgjerningsmannen framleis er på frifot i 2014. Du er redd for å møta han, du kvider deg for å gå ut i mørkret. Kvifor har ikkje valdsmannen vorte straffa enno? Av di kvar einaste ein mellom dei fire aktorane som har arbeidt med saka di, har sagt opp jobben innan saka fekk koma for retten.

Saka vart først publisert i Dag og Tid.

Dette er ikkje nett ei hypotetisk problemstilling. Politikarane har kome med krav om at politiet skal prioritera vern og førebuing, difor har korkje lønene eller talet på juriststillingar auka nemneverdig av di dei i staden har mått nytta pengane til helikopter, polititenestemenn, innsatspersonell og andre tiltak som Gjørv-kommisjonen gav framlegg om.

LES OGSÅ: Rettssinka Noreg

Dei som skal driva med etterforsking og påtale, er i ei klemme; no må dei utføra dei same oppgåvene med endå færre middel. Sakene hopar seg opp, og presset på juristane aukar.

Oslo politidistrikt handterer ein fjerdedel av alle straffesakene i Noreg, og dei 21 politijuristane på Grønland politistasjon tek seg av 40 prosent av sakene. Dei har mellom dei viktigaste jobbane i Noreg, men ikkje viktigare enn at dei må tøma boskorga si sjølve, skal ein tru budsjetta. Men det er ikkje noko særmerkt ved nett Grønland politistasjon – slik er det i heile Noreg.

LES OGSÅ: Autoritære leikar

I Noreg arbeider påtalemakta i røynda på dugnad. I snitt orkar dei ikkje meir enn fire år og går heller over i det private eller andre offentlege stillingar der tilhøvet mellom løn og arbeidspress er betre. Resultatet er at straffesaker vert liggjande på pulten, og dei som har vorte utsette for kriminalitet i Noreg, får ikkje saka førehavd i rettsapparatet av di påtalemakta må prioritera dei mest alvorlege sakene.

Det kan ein ikkje nett skulda politiadvokatane for. Det finst grenser for kor mykje friviljug arbeid folk orkar å gjera, ikkje minst når løna er låg.

Rekninga etter Gjørv-kommisjonen
Rapporten til Gjørv-kommisjonen etter terroråtaket den 22. juli var knusande. Politiet trong fleire helikopter, det trong meir innsatspersonell. Åtaket på regjeringskvartalet kunne ha vore hindra gjennom effektiv iverksetjing av alt vedtekne tryggingstiltak, meinte kommisjonen.
Ein snøggare politiaksjon hadde vore mogeleg, og terroristen kunne ha vore stogga tidlegare, skreiv dei. Og, viktigast av alt i denne samanhengen, fleire tryggjings- og førebuingstiltak for å gjera nye åtak vanskelegare burde ha vore sette i verk.

LES OGSÅ: Slik skal unge bli straffa

Men det fylgde ikkje med fleire pengar, og alt i fjor åtvara riksadvokat Tor-Aksel Busch om at dei nye krava til vern og førebuing stod i fare for å gå ut over etterforsking og oppklåring av straffesaker.
«At noen kommer hjem til deg og romsterer og stjeler, er integritetskrenkende. Det skaper frykt og utrygghet som henger i lenge etter at åstedsetterforskerne har dratt», sa han i eit intervju med magasinet Norsk Politi.
Og medan påtalemakta ottast for rettstryggleiken i eit samfunn der styremaktene stadig krev meir av dei utan at løyvingane aukar, går kostnadene til forsvararar berre opp og opp.

Løn og arbeid
Dei siste seks åra har kostnadene til bistandsadvokatar auka med 85 prosent, og kostnadene til forsvarsadvokatar har auka med 19 prosent.
Medan politijuristar i snitt tener 527.000 kroner i året, tener forsvarsadvokatar mykje meir. Nett kor mykje finst det ikkje gode tal på, men eit konservativt overslag er 850.000 kroner. Juristane i domstolane har om lag 60 prosent høgre løn enn juristar i forvaltinga, politiet, påtalemakta og dei som har andre arbeids­område. Kvifor er det slik?

LES OGSÅ: Manglar fangar – legg ned fengsel

Forsvarsadvokaten vert oppnemnd av tingretten. Kvar og ein som vert sikta, har krav på forsvarar, med unnatak i føreleggssaker, og forskrifta om salær er slik at forsvarsadvokaten får ei fast timeløn frå staten: Advokaten får eit salær per dag for kvar fange han eller ho har i varetekt.
Politiadvokaten, altso aktor, har på den andre sida ikkje slike salær. Løna til politiadvokaten ligg fast, og yrket deira er omfatta av arbeidsmiljølova, difor skal dei ikkje arbeida overtid, noko det uansett ikkje finst særleg mykje pengar til.

Samstundes er det venta at politiadvokatane skal få ned tala på saker som har lege lenge på pulten til politiadvokatar føre dei. I snitt var saksførehavingstida på oppklåra brotsverk 119 dagar i 2014. På same tid i 2013 var talet 113 dagar. I 2012 var det 109 dagar.
Men endå verre er det med det riksadvokaten i ein ny rapport kallar «liggjetid», eller for å nytta eit meir høgstemt omgrep: «restanse». Kva tyder det?

Liggjetid
Restansar tyder saker som er eldre enn nitti dagar, det tyder at dei har lege på ein pult i meir enn tre månader. Saksførehavingstida vert rekna frå dagen brotsverket vert meldt til påtalevedtak, og talet på desse sakene som er eldre enn tre månader, har politiet ynskt å få ned. Men korleis gjer ein det utan å auka ressursane?

Vel, dei har ikkje noko val. I den nye grunnlova står det no svart på kvitt at «alle har rett til å få saka si avgjord av ein uav­heng­ig og upartisk domstol innan rimeleg tid».
I april i år var talet på ikkje-påtaleavgjorde saker 82.886. Mellom desse var over helvta, 42.986 saker, eldre enn tre månader. 9296 av dei var eldre enn tolv månader.

LES OGSÅ: Vil leige svenske fengselsplassar

Paragraf 200 i domstollova krev at advokatane førebur seg innan dei stiller opp i retten, og politiadvokatane endar opp med å gjera mykje gratisarbeid for å få ned liggjetida på dei gamle sakene. Til slutt går det utover trivselen. Om dei ynskjer seg ein jobb med so høgt arbeidspress, kan dei heller velja å gå over i det private og auka løna med minst 200.000 kroner i året.

Og det er det ikkje nett få som gjer: På Grønland politistasjon slutta om lag helvta av juristane i fjor.

Follo-modellen
Om ein lurer på om det finst ein samanheng mellom løn og oppseiing, kan ein sjå på tala frå ulike politidistrikt. I Asker og Bærum ligg lønssteget til politijuristane i snitt på 63, og 14 prosent av dei seier opp årleg. I Nordre Buskerud ligg lønssteget på 60, og den årlege oppseiingsprosenten er 14 prosent der òg. Verst av alt er det i Sunnmøre, der dei i snitt har lønssteg 64, og heile 37 prosent av juristane seier opp årleg.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

Men i Follo politidistrikt har dei lukkast. Som einaste politidistrikt i Noreg har dei fått løna opp på over steg 68 i snitt, noko som framleis ikkje er særleg høgt for ein advokat, men jamført med dei andre politidistrikta i Noreg – der løna er steg 60–64 – er det svært imponerande. Kor mange mellom politijuristane seier opp årleg i Follo politidistrikt? Svaret er utrulege null prosent.

– Vi legg stor vekt på personalpolitikk og på korleis ein byggjer ei god påtalegruppe, seier politiinspektør og nestleiar ved retts- og påtaleeininga i Follo politidistrikt, Marianne Børseth-Hansen.

– Men korleis har de fått det til? Andre politidistrikt ligg minst fire lønssteg under dykk.

– Vi har gjennom mange år ynskt at løna skal vera konkurransedyktig i påtalesektoren jamført med dei omkringliggjande politidistrikta, for mest helvta av påtalegruppa bur i Oslo og pendlar ut til Follo. Det har vore eit godt samspel mellom fag­foreininga, politijuristane og leiinga til politidistriktet som gjer at løna ligg på eit rimeleg nivå. Å halda på røynde juristar kostar nokre ekstra lønssteg, men det vil likevel løna seg på sikt av di opplæring og utskifting er langt meir kostnadskrevjande, og det har politimeisteren skjøna, seier Børseth-Hansen.

– Dei aller mest alvorlege sakene er det dei fire mest røynde juristane som arbeider med; dei har arbeidt her i over femten år. Men i dei fleste tilfelle arbeider juristane med alle typar saker. Variasjon er viktig for at folk ikkje skal gå lei. I tillegg har vi eit nært og tett samarbeid med konsulentane. I mange andre politidistrikt vert sivile stillingar nedprioriterte, og det verkar inn på arbeidsmiljøet. Folk vert utkøyrde. Vi har òg valt å prioritera kompetanse­utvikling i form av deltaking i studium på Politihøgskolen, ulike kurs og seminar. Dette verkar motiverande. For å nå gode resultat og god kvalitativ påtaleførehaving er det viktig for politi­etaten å halda på røynde politiadvokatar.

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong