Vil leige svenske fengselsplassar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sverige har lagt ned fire fengsel og eitt varetektsfengsel berre det siste året. Sidan 2004 har fangepopulasjonen minka jamt hjå våre naboar. Parallelt har me her heime slite med å få bukt med soningskøane. I august i år venta 1.144 personar på å få sone sin dom. Ifølgje justis- og beredskapsminister Anders Anundsen er soningskøen no på nesten 1.200 personar.

LES OGSÅ: Manglar fangar – legg ned fengsel

Mellombels tiltak
Den ledige kapasiteten over svenskegrensa har justis- og beredskapsministeren merka seg. I går kveld sendte departementet ut ei pressemelding om at Anundsen har kontakta den svenske justisministeren Beatrice Ask for å leige fengselsplassar i Sverige.

– På kort sikt ser me på moglegheita for leige av fengselskapasitet i Sverige som eit mellombels tiltak medan fengselskapasiteten i Noreg byggast opp, seier justis- og beredskapsministeren i pressemeldinga.

Ser til Nederland-Belgia
Kor mange plassar Noreg eventuelt får leige og kven som må ut av landet for å sone er ikkje avklart. Om det vert fengselsforhandlingar med Sverige meiner justisministeren det er naturleg å sjå på ein liknande avtale gjort mellom Belgia og Nederland.

I 2009 avtalte Belgia å leige nederlandsk fengselskapasitet. Dette fordi Belgia sleit med høg fangepopulasjon, medan Nederland hadde ledige plassar. Fengselet som leigast av Belgia på nederlandsk jord har belgisk direktør og nederlandske fengselsbetjentar. 

Regjeringa planlegg og andre tiltak for å få bukt med soningskøane. Til NRK.no fortel justisministeren at allereie frå nyttår kan det verte aktuelt å plassere ti innsette på ei celle berekna på ein person. 

Geir Bjørkli, leiar i Noregs fengsels- og friomsorgsforbund, meiner det er ei dårleg løysing. 

– Det er eit problem for tryggleiken, for hygiene og det er ei arbeidsmiljøutfordring for dei tilsette,  seier Bjørkli til NRK.no.

Sjølv om Bjørkli kallar det ei fallitterklæring å sende norske fangar til Sverige, meiner han det er ei betre løysing enn å setje to fangar på ei enkeltcelle.