– Foreldre øydelegg jobbframtida til borna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norske foreldre syr puter under armane på borna sine og tar dei med på hytta og lange utanlandsturar når dei heller burde vore heime og jobba, seier Madsen til Dagsavisen.

Ho meiner god råd og økonomisk velstand har ført til at mange foreldre er meir opptekne av nye opplevingar og samvær med venner og familie enn karrieren og framtida til borna. Mange foreldre gjer dermed borna sine ei stor bjørneteneste, meiner Virke-direktøren.

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg

Ten pengar sjølv

– Mange unge får det dei treng av foreldra og er ikkje avhengige av sjølv å tene pengar medan dei er under utdanning. Foreldra på si side, meiner det er viktig at borna skal ha heilt fri når dei har fri frå skule og studium. Det meiner eg er feil, seier Madsen

Ifølgje Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøking har det vore ein fallande yrkesaktivitet blant norsk ungdom det siste året. Delen unge som kombinerer deltidsarbeid og utdanning, gjekk ned frå 58 til 54 prosent frå første kvartal 2013 til same periode i år. (©NPK)

LES OGSÅ: Stirer du på ein skjerm dagen lang?