Bli med grunnlova på turné

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnlova på turné

Kjartan Helleve og Erik Grov frå Noregs mållag set seg inn i ein leigebil torsdag morgon saman med ein tredje passasjer. Nynorsk grunnlov i fysisk form, ein meter lang, 70 centimeter brei og 20 cm djup.

LES OGSÅ: Rekordmange vil på festspela

Me følgjer med

Frå i morgon tidleg følgjer me grunnlova på turen vestover, med jamne oppdateringar frå ruta som strekkjer seg frå Oslo, via Eidsvoll og Skjåk, til siste stopp – Ørsta og statuen av Ivar Aasen.

Gjennom dagen kan du sjå bilete og oppdateringar frå turen her hjå oss!

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nett-trolla

Poenget er…

Hovudpoenget er å få grunnlova til Ørsta, forklarar Grov.

– Men så vil me og at folk skal kunne få sjå ho, og vera med oss å feira denne sigeren her, legg han til.

Men målet er meir enn berre å skapa merksemd, forklarar Helleve. Han trur mange no har fått med seg at me har fått grunnlova på nynorsk.

– Men det er kanskje ikkje så mange som veit kva som faktisk står der. Eg kunne til dømes spurt deg kor mange paragrafar som står i grunnlova, og det er godt mogleg du ikkje hadde visst det.

Raud i kjakane vedkjenner journalisten at han ikkje veit det. Men det er 112 paragrafar i grunnlova, til opplysing.

Artikkelen held fram under biletet – der kan du og sjå heile ruta for turen.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/nngrunnlov2.jpg

Erik Grov (t.v.) og Kjartan Helleve har ikkje hatt tid til å legga seg i hardtrening før turen, men begge kan syna til lang erfaring med bilkøyring til Vestlandet.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Plakat til heimen

På grunn av den generelt manglande kunnskapen om grunnlova, har Mållaget trykt opp plakatar av nynorsk grunnlov, som og har blitt sendt ut til alle vidaregåande skular i landet. Denne plakaten kan også du – ja, du –  få om du skulle møta Mållaget sine utsende og grunnlova på turen.

– Du må ikkje gjera veldig mykje for å få deg eit eksemplar. Det er veldig låg terskel, seier Grov.

– Det nærmaste det liknar på er ein lanseringsturné, legg Helleve til.

– Difor må me ha litt merchandise, i mangel av eit betre ord på nynorsk. Alle som kjem bort til bilen skal få ein plakat, men me har jo ei ganske eksklusiv rute.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Her er ruta

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/nngrunnlov3.jpg

Det er nokre få utvalde stoppestader som er planlagde for Grov, Helleve og grunnlova. Etter avreise klokka åtte frå Oslo sentrum, er sjølvsagt første stogg Eidsvoll og Eidsvollbygningen.

Der møter dei leiar i Toten dialekt- og mållag, Jorunn Ingeborg Aarsby, og medlem frå Øvre Romerrike Mållag. Heile ruta ser slik ut:

08:00 – Avreise frå Oslo

09:00-09.30 – Eidsvoll

10:30-11:30 – Hamar

13:30-14:30 – Vinstra

16:15-17:15 – Billingen, Skjåk

Rundt 20:30 – Ørsta, siste stogg ved Ivar Aasen-statuen.

Undervegs vert det møter med lokale dialekt- og mållag, ordførarar av ulikt kaliber – og ikkje minst opphenging av den nynorske grunnlova på utvalde stader. Du kan lesa meir detaljert om ruta på mållaget sine sider, eller følgja alt som skjer hjå oss gjennom torsdagen.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Kom deg ut!

Psykisk klare

Erik Grov skryt av årelang erfaring med lange bilturar på Vestlandet, som han trur vil komma godt med. Den største utfordringa ligg likevel i kulturskilnadene i bilen, fryktar han.

– Men utanom det har me ikkje hatt tid til noko anna, me har ikkje låge i høgdetrening eller noko slikt. Eg ser for meg mykje irritasjon med vossingen her. Voss og Sogn går vanlegvis ikkje i hop.

– Samstundes kan dette vera ei forbrødringsreise, skytt Helleve inn.

Korleis det går – både med transporten av grunnlova og forholda inne i bilen, kan du lesa her på framtida.no

Faktaboks

6. mai 2014 fekk me ei grunnlov på nynorsk

No skal grunnlova, i fysisk form, fraktast til Ørsta i anledning Dei nynorske festspela.

Festspela startar torsdag 26. juni, og varar heile helga.

Sjåførane til grunnlova er Erik Grov og Kjartan Helleve frå Noregs mållag.

Ruta blir slik:

08:00 – Avreise frå Oslo

09:00-09.30 – Eidsvoll

10:30-11:30 – Hamar

13:30-14:30 – Vinstra

16:15-17:15 – Billingen, Skjåk

Dei satsar på å vera framme i Ørsta rundt 20.30

Møter du bilen på vegen, ta kontakt! Då får du ein plakat med den nynorske grunnlova til å henga på veggen.