Ber Høgre stoppe pressekutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hadde kledd Høgre å vere meir lyttande til det fleirtalet på Stortinget seier, framfor å varsle omkampar. Det vil berre bidra til uvisse i ein bransje som opplever store omstillingar og som meir enn noko anna treng føreseielegheit, seier Arnstad til NTB.

Torsdag blir forslaget frå regjeringspartia om eit statisk tak på produksjonsstøtta til media avvist av Stortinget. Kulturminister Thorhild Widvey (H) fekk ikkje fleirtal for ønsket om å avgrense pressestøtta til 40 millionar kroner per avis.

Like fullt held regjeringspartia fast ved forsettet om ei større reform av subsidiane som blir gitt til norske mediebedrifter.

Gir ikkje opp

– Regjeringsplattforma slår fast at pressestøtta skal leggjast om og på sikt reduserast. Det står ved lag, sa Kårstein Eidem Løvaas frå Høge til NTB i førre veke.

Arnstad er forundra over dette.

– Høgre veit svært godt at stortingsfleirtalet har eit anna syn enn regjeringa, seier Arnstad og viser til usemje om momsnivå og tilbodet som NRK skal gi brukarane sine.

– Høgre vil snevre inn rolla NRK har av omsyn til konkurransen med andre medium. Lite har festa seg av konkrete forslag førebels, men Høgre og Frp gjer klokt i å lytte i staden for å gå til angrep når dei lir nederlag i Stortinget, seier Arnstad.

Endra meining

Regjeringa har fleirtal for forslaget om eit dynamisk tak på produksjonsstøtta, som inneber at inga avis kan få meir enn 40 prosent av driftsutgiftene i støtte frå staten.

Og så seint som i fjor foreslo den raudgrøne regjeringa sjølv ei øvre grense på 40 millionar kroner for avisene som tek i mot pressestøtte. Eit slikt grep ville ha ramma Dagsavisen og Vårt Land, som ville ha tapt høvesvis 4 og 3 millionar på omlegginga.

Høgre beklagar det partiet skildrar som ein snuoperasjon frå Venstre og Ap. Løvaas meiner dei minste lokalavisene må bere byrda.

– Dei ti største tek i mot 75 prosent av pressestøtta på 308 millionar. Dei resterande 110 delar 25 prosent av potten. Det er uheldig, meiner Løvaas.

Han seier regjeringspartia no arbeider med å leggje om støtta og gjere den meir målretta. Det kan skje ved å sikte seg betre inn mot små lokalaviser eller ved å rette subsidiane mot journalistisk produksjon.

Momsfritak

KrF har tatt til orde for momsfritak for alle medium, uavhengig av plattform. Regjeringsplattforma slår fast at papiraviser og nettaviser skal bli likestilte og få ein felles, låg momssats.

– Om ein felles låg momssats blir 8, 4 eller 0 prosent står att å sjå. Vi finn nok ut av dette, men det er altfor tidleg å konkludere med at alle papir- og nettaviser får momsfritak, sa Løvaas til NTB i førre veke.

Arnstad varslar på si side at Sp vil støtte KrFs forslag og legg til at signala også er positive frå Venstre og Ap.

– Igjen vil regjeringa ha fleirtalet mot seg, seier ho. (©NPK)

Kva meiner du? Bør pressestøtta aukast eller kuttast?