Trafikken krever flest unge liv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dødelegast i verda

Rundt ein milliard av verdas befolkning er ungdom i alderen 10-19 år. I 2012 døydde rundt 1,3 millionar barn og unge i denne aldersgruppa. Trafikken kravde flest liv, følgt av hiv/aids og sjølvmord. Det syner ein ny rapport om ungdoms helse frå Verdens helseorganisasjon (WHO).

LES OGSÅ: WHO fryktar kraftig kreftauke

Fleire gutar enn jenter
Dødstala er høgare blant ungdom i alderen 15-19 år enn 10-14 år. Fleire gutar enn jenter i aldersgruppa 10-19 år dør. Heile tre gongar så mange gutar som jenter omkommer i trafikkulukker, som òg er den nest vanlegaste årsaka til sjukdom og nedsett funksjonsevne.

I følgje WHO kan tilgang til offentlig transport bidra til å redusera trafikkrelaterte skader blant ungdom. Andre tiltak som vert føreslått er: betre trafikkreglar – som til dømes fartsgrenser og reglar knytt til promille, trygge fotgjengarområde rundt skular og moglegheiter for å trekkje inn køyretillatingar.

LES OGSÅ: Vil redda unge liv i trafikken

Psykiske lidingar
Sjølvmord er den tredje vanlegaste dødsårsaka i aldersgruppa, medan depresjonar er den største årsaka til sjukdom og nedsett funksjonsevne.

Norad skriver på sine nettsider at nokre studier syner at halvparten av dei som utviklar psykiske problem får dei første symptoma før fylte 14 år. At ungdom med psykiske problem får hjelp kan førebyggje både dødsfall og andre lidingar gjennom eit heilt liv.

– Det er viktig å auke kunnskapen om psykiske lidingar, både blant helsepersonell og i befolkninga, som førebyggande tiltak lokalt og for å sikre tilgang til god behandling. Psykisk helse er ei aukande global utfordring og psykiske lidingar er ofte forbundet med stigmatisering og diskriminering, der ungdom er i en spesielt sårbar periode av livsløpet sitt, seier Helga Fogstad underdirektør i Norads helseseksjon, på organisasjonen sine nettsider.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke får medisin – ikkje oppfølging

Unge mødrer
Å få ned talet på mødrer som døyr knytt til svangerskap og fødsel er eitt av FN sine tusenårsmål. Sjølv om dødelegheita blant mødrer er blitt redusert betydelig sidan år 2000, er det framleis den nest største årsaka til dødsfall blant jenter i alderen 15-19 år.  Sjølvmord er den vanlegaste dødsårsaka blant unge jenter i verda.

Eit anna tusenårsmål er å stoppe og reversera spreiinga av hiv-viruset. Her går utviklinga blant dei unge feil veg. Talet på hivrelaterte dødsfall blant ungdom stig, medan det er på veg ned i alle andre aldersgrupper. Spesielt utsett er ungdom på det afrikanske kontinentet.

– Me er spesielt uroa over den aukande raten av hivrelaterte dødsfall blant ungdom. Framover vil det vere viktig å sikre ei heilskapleg tilnærming til levering av tenester og behandling for denne aldersgruppa, seier Fogstad.

LES OGSÅ: UNICEF: Barnedødelegheita halvert sidan 1990

Opp i røyk
Eit anna helseproblem som rammar alle aldersgrupper er inaktivitet. Dei unge er ikkje betre enn resten. Tal syner at færre enn kvar fjerde ungdom mosjonerer nok. WHO anbefaler minst ein time med moderat til hard trening om dagen.

– Me ser at det er behov for ein meir målretta innsats for å betra ungdommars fysiske og psykiske helsesituasjon, slår Fogstad fast.

Men det er nokre teikn på forbetring. I likskap med Noreg, er det nedgang i talet på unge røykarar i verdas rike land. Ei positiv trend som ein òg ser i nokre fattige land.

Fogstad meiner at at helseinnsatsen må integrerast i andre relaterte områder og at rapporten er eit viktig innspel når det internasjonale samfunnet no diskuterer kva nye utviklingsmål som skal erstatte tusenårsmåla. 

– Helsetenester må tilpassast ungdom, ein må sikre god opplæring av helsepersonell, samt styrke ungdommars tilgang til seksualundervisning, avsluttar underdirektør i Norads helseseksjon.

 

 

 

Faktaboks

Vanlegaste dødsårsaker blant ungdom 10-19 år

1. Trafikkulukker
2. Hiv/aids
3. Sjølvmord
4. Luftvegsinfeksjonar
5. Vald
6. Diaré
7. Drukning
8. Hjernehinnebetennelse
9. Epilepsi
10. Blod- og immunsjukdommar

 

 

 

 

 

 

Vanlegaste årsaker til sjukdom og nedsett funksjonsevne blant ungdom

1. Depresjon
2. Trafikkskadar
3. Anemi (blodmangel)
4. Hiv/aids
5. Sjølvskading
6. Rygg- og nakkesmerter
7. Diaré
8. Angst
9. Astma
10. Luftvegsinfeksjonar  

Kjelde: WHO