Verdssamfunnet har i stor grad klart å forby militær bruk av sjukehus og helsepersonell. No tar Noreg ansvar for at det same skal skje med universitet og skular.

mm
Faktaboks

Regjeringa la 13. juni 2014 fram ei stortingsmelding om utdanning i utanriks- og utviklingspolitikken.
Noreg vil bidra til ein ny internasjonal offensiv for å sikra relevant utdanning for alle. I vår eigen utanriks- og utviklingspolitikk skal utdanningsfeltet igjen verte ein hovudprioritet.
Sidan 2005 har utdanningsbistanden sin del av Noregs totale bistand gått ned, til 7,2 prosent av det totale bistandsbudsjettet i 2013. Målet er at delen av bistanden som går til utdanning skal tilbake til 2005-nivå (13,3 prosent). I budsjettet for 2014 auka regjeringa støtta til utdanning med 14 prosent, til 1,84 milliardar kroner.

LES FAKTALUKK FAKTA

I dag presenterte statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende satsinga til regjeringa på utdanning i utviklingspolitikken. Der vart det offentleggjort at dei vil leia arbeidet med å få på plass eit internasjonalt rammeverk for å verna studentar og lærarar i konflikt.

– Me har den siste tida sett dei meste ekstreme døma på angrep retta mot elevar i Nigeria, og dei siste fem åra har det funne stad målretta angrep på utdanning i over 30 land. Skular og universitet har vorte bomba og brunne med ufattelege konsekvensar for studentar og elevar. Me meiner at regjeringa her gjer eit veldig viktig grep når dei tek på seg eit langsiktig leiarskap for å motverka desse grusame handlingane, seier leiar i SAIH, Jørn Wichne Pedersen.

I 2010 vart ein internasjonal koalisjon oppretta for å verna utdanning frå angrep (The Global Coalition to Protect Education from Attac – GCPEA). No, fire år seinare har koalisjonen utarbeidd eit rammeverk, kalla The Lucens Guidelines, som handlar om å gjere skular og universitet til nøytrale soner. Slike retningslinjer skal igjen forankrast i nasjonal lovgjeving og militær doktrine i så mange land som mogleg. Noreg har no tatt på seg ansvaret for å leie denne prosessen.

– Å gje skular og universitet liknande vern som sjukehus er eit ambisiøst, men realistisk prosjekt som i framtida vil kunne gje studentar og lærarar etterlengta vern, seier Pedersen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE