Kule kidz taper
13-åringar som imponerer jamaldrane med å oppføre seg eldre, får oftare problem med alkohol og kriminalitet i 20-åra, peiker ny forsking mot.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forsking: Kule kidz taper
Du har kanskje høyrt det før: At nerdane vinn i det lange løp, at det å vere populær på ungdomsskulen ikkje er synonymt med suksess seinare i livet. Sistnemnte påstand ser ut til å vere sann, skal me tru amerikanske forskarar.
LES OGSÅ: Bygdeungdom er mindre påverka av foreldra
Synkande popularitet
Forskarar følgde 184 si utvikling over ein tiårsperiode, frå 13 til 23 år. Ungdommane kom frå ein offentleg skule søraust i USA, og representerte både urbane strøk og forstadar. Resultata av studien, som vart leia av psykologiprofessor Joseph P. Allen ved University of Virginia, er presentert i tidsskriftet Child Development.
Sjølv om studien er liten, gjorde forskarane nokre interessante funn.
13-åringar som oppførte seg eldre enn sin alder, var mest populære blant sine jamaldrane. Desse 13-åringane imponerte sine medelevar med romantiske tilnærmingar, som kyssing eller og klåing, og ved å gjere små ugjerningar, som å snike seg inn på kino eller øydeleggje foreldra sine ting. I tillegg var dei populære i kraft av å ha fysisk attraktive vener.
Ettersom åra går er ikkje desse aktivitetane like populære, snarare tvert imot. Det som før gav status, vart upopulær åtferd. Faktisk hadde desse “bråmodne” ungdommane ei jamt nedgåande kurve i popularitet, medan dei som ikkje hadde førmoden oppførsel hadde ein jamt stigande kurve i popularitet gjennom tenåra.
LES OGSÅ: Rusforskar ber ungdom slappe av og drikke litt
Ekstremoppførsel
Ifølgje Allen vert desse tenåringane, som har vorte populære for sin bråmodne oppførsel, nøydd å oppføre seg stadig meir ekstremt for å verke kule.
– Ungdommar som lener seg på førmoden oppførsel for å oppnå status kan sjå seg nøydd til å gradvis skifte, til dømes frå mindre ulydigheit, som butikknasking og vandalisme, til meir alvorleg kriminalitet, for å imponere, skriv forskarane, ifølgje Buisness Insider.
Som unge vaksne sleit dei kule 13-åringane meir med å tilpassa seg omgjevnadane enn sine jamaldrande. I ein alder av 22, streva dei med å skaffe seg vener.
Studien forklarar desse resultata med at tenåringar som vert populære i kraft av pene vener, ikkje arbeider hardt med å byggje meiningsfulle forhold. Dette ser ut til å verte med dei inn i vaksenlivet.
Det er altså ikkje sikkert at dei kulaste 13-åringane i klassen er kulast på jubileumsfesten ti år etterpå.