Etter mykje øving hender det at nynorsk snik seg inn i oslomålet til solistane. I kveld er det premiere på Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand på Den Norske Opera.

mm

Det er alt anna enn stille før Stormen. Fabrikken – som dei kallar øvingslokala i Operaen – er fylt av syngande kråkebollar, dansande vatn, skumle kosedyr og eit lite lass med hovudroller.

Ein diger bamse vaggar seg mot heisen på strake bein, utan hovud.

I kveld er det premiere på den nynorske barneoperaen Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand.  Teksta er inspirert av Shakespeare sin Stormen og er eit bestillingsverk Rune Belsvik har skrive for Den Norske Opera. Det handlar om den første kjærleiken og det å gå inn i ein ny epoke i livet.

– Tanken er å ta born på alvor som utøvande kunstnarar – å lage kunst av og for barn. Først då kan dei få eit eigarforhold til opera- og ballettkunsten, seier regissør og produsent Gunnar Bergstrøm.

LES OGSÅ: Belsvik debuterer i Operaen

Kråkesong
Songarane i Barnekoret ved Den Norske Opera & Ballett varmar opp stemmebanda og vert sminka til det ugjenkjennelege.

Kråka Rebekka Opdahl Christiansen (14) reiser heilt frå Lillehammer for å syngje i kor. Med femtimars reiseveg betyr det at ho må ta fri på slutten av skuledagen og difor prioritere kva øvingar som er viktigast å vere med på. I dag skal alt køyrast igjennom, så alle må med.

Det er mykje arbeid, men kråka tykkjer det er verdt det.

– Når ein kjem på ei sånn type scene så er det som ein kjem inn i ei anna verd, forklarar Rebekka, som har halde på med både song, dans og teater.

LES OGSÅ: Fleire på opera, færre på teater 

Saka fortset under biletet.


Rebekka Opdahl Christiansen er ikkje lett å kjenne att i kråkekostymet.

Dobbeltgjengarar
Denne førestellinga er den første Barnekoret gjer saman med Ballettskulen. I tillegg sit ungdommar frå Juniororkesteret ved Barratt Dues Unge Talenter i orkestergrava saman med musikarar frå Operaorkesteret. I alt 170 born og unge i alderen 6-17 år er på scenen og i grava.

Hovudrollene både syng og dansar, det er løyst ved at det finnast ei syngande og ei dansande Miranda. Desse er ofte på scena samstundes. I alt finnast det fire som spelar Miranda, to songarar og to dansarar. Det same gjeld Ferdinand.

– Ho er veldig spesiell og energisk. Ho kan òg verte ganske lei. Me har jobba ein del med å få vekk det sure og grinete, slik at ho vert meir oppgitt, forklarar Eirin Rognerud (14), som samanliknar rollefiguren sin med Pippi. Ei samanlikning hårfargen heilt klart legg opp til.

Den syngande Miranda tek nokre dansesteg innimellom, kanskje inspirert av danse-Miranda, som leikar seg på scena til songen hennar.

Balder Bergan-Gulli (13) speler synge-Ferdinand. Han er både forelska i, og vert skremt av Miranda, som på si side freistar å binde fast den nye leikekameraten. Men håplaust forelska og stum av beundring som han er, kjem han stadig attende.

– Eg kjenner meg litt igjen, men eg har aldri vore så forelska, ler Balder.

LES OGSÅ: 19-åring debuterer med ungdomsopera 

 Saka fortset under biletet.


Eirin og Balder har hatt lange øvingsdagar den siste tida.

Nytt norsk 
For 13-åringen, som har gått frå ei rolle som tre i Lillebror og Knerten, er det spanande å no ha si første hovudrolle. Den er attpåtil på nynorsk, noko som betyr at songarane har fått litt ekstraundervisning i sidemål.

– Det første eg tenkte når eg leste det var at: «Shit, dette går ikkje». Men no har me øvd så mykje at eg tenkjer det er normalt, forklarar Eirin.

Balder har øvd så mykje at det hender at han blandar nynorsk inn i daglegtalen. Ord som kvifor og ikkje har dei lært seg godt.

– Eg har byrja å seie vett’kje, eg veit ikkje om det er nynorsk, kanskje meir stavangersk, spekulerer Balder.

LES OGSÅ: Operaambassadørane 

Intens innspurt
Solistane byrja å øve allereie i november. No på slutten arbeider dei med å finpusse ting dei har øvd inn feil, så språket er på ny ei utfordring. Det er vanskeleg å seie vera istadenfor være.

Før dei åtte førestellingane har øvingane vore intense. Kvar dag kjem hovudrolleinnehavarane til Operaen etter skulen klokka 16.30. Det vert ikkje tid til middag, så då er det ekstra niste med. Etter at dei er ferdige klokka ni er det rett heim å leggje seg. Det er lite tid til lekser, så då er det godt at ferien nærmar seg.

Det er fullt alvor på scena, men interessa for opera er ulik blant dei solistane.

– Eg ser stort sett alle operaane som vert sett opp. Eg høyrer berre på opera og er veldig dedisert. Eg klarar verken å syngje eller høyre på vanleg pop, fordi eg tykkjer det er bråkete, fortel Eirin, som har vore med i koret i to år og drøymer om å verte operasongar.

– Eg er ikkje heilt lik. Eg tykkjer opera er gørrkeisamt. Men dette er ikkje akkurat opera, seier Balder. Han vil verte fotballspelar.

Slik sett er Balder litt lik forfattar Rune Belsvik, som har skrive librettoen. Heller ikkje han har særleg sans for opera. Songarane trur likevel ikkje at forfattaren og resten av publikum vil keia seg.

Dei tre kjem fram til at sjølv om dei spelar i ein opera, så er det ikkje heilt opera det dei syng. Men lyst er det. Det er annleis og samtidsprega, melodisk og rotete, forklarar synge-Miranda.

LES OGSÅ: 300.000 ekstra til nynorsk opera 

 Saka fortset under biletet.


Synge-Miranda får på mikrofon.

Stemmeutfordring
Songarane trur at dansen, dei kule kostyma og kulissene gjer det meir spanande og tilgjengeleg òg for dei minste. 

Å stå på scena i Operaen kan dei unge songarane anbefale.

– Eg trur det er kjekkare å vere med enn å sjå på, seier kråka.

Dei er ikkje særleg nervøse, med eitt unnatak:

– Eg er jo i starten av stemmeskiftet, så eg trur ikkje eg kan fortsetje etter sommaren. Men Edle, korleiaren, har sagt at sidan det handlar om å gå frå born til vaksen, så er det heilt greitt om nokre tonar går skeis, avsluttar synge-Ferdinand.

Så er det på tide springe til sminken. Balder oiar seg når sminkørane set hårnåler i håret.

Ein må lide litt for scenekunsten.


To av dansarane som spelar Ferdinand og Miranda. Foto: Jörg Wiesner/DNO

 Kulissane av eit skipsvrak. Foto: Jörg Wiesner/DNO


Det er mange aktørar på scena. Vatn og luft har òg viktige roller. Foto: Jörg Wiesner/DNO

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE