300.000 ekstra til nynorsk opera

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går var stortingsrepresentant Ingrid Heggø innom hos operasjef Kari Standal Pavelich med gode nyhende frå den raud-grøne regjeringa. I budsjettframlegget for 2012 ligg det inne ein auke til Opera Nordfjord på 300 000 kroner. Det inneber at samla løyving over statsbudsjettet blir 3,3 millionar kroner neste år.

Opera Nordfjord sette i fjor opp fotballoperaen Norge-Brasil, ein opera, som var på nynorsk. Operaen bruker nynorsk i mykje av si verksemd, og dette meiner regjeringa er viktig.

Kari Standal Pavelich lovar å bruke dei ekstra pengane på ein god måte. Programmet for neste år er ein eigen produksjon i mars, samarbeid med ungdomsskulen om musikal, ein sommaraktivitet og hovudproduksjonen Madame Butterfly. I tillegg har operasjefen veldig lyst til å prøve å få til ny aktivitet i form av ei familieframsyning i førjulstida.

Sidan statleg løyving etter avtale utgjer 70 prosent av løyvinga frå det offentlege, betyr det at ekstramidlane truleg utløyser ytterlegare 90.000 kroner frå kommune og fylkeskommune. Opera Nordfjord hadde i fjor kring to millionar kroner i salsinntekter og bortimot sju millionar kroner i omsetnad.

Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap) er svært glad for ekstramidlane. Ho gjev Kari Standal Pavelich og mannen Michael mykje av æra for det som har skjedd. I tillegg har satsinga på kulturskulen vore ein motor både i form av kompetanse og talentutvikling.

– Å satse på kultur er viktig både for næringslivet og for å få tilflytting, seier Eid-ordføraren til Fjordabladet.

– Dette er heilt fantastisk flott. Endeleg er det nokon i valkampen som set pris på morsmålet vårt. Kultur er kjempeviktig. Det seier SV sin toppkandidat i Eid, Jorunn Sandvik til lokalavisa.