Fleire på opera, færre på teater

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kinoen er framleis det kulturtilbodet som har størst oppslutning her til lands. Rundt 67 prosent av oss var på kino éin eller fleire gonger i 2012, mot 70 prosent i 2008. Dette viser kulturbarometeret til Statistisk sentralbyrå.

Berre 45 prosent var på teater, musikal eller revy, mens det tilsvarande talet i 2008 var på 53 prosent. Om vi går så langt tilbake som til 1991, var likevel oppslutninga om teateret enda lågare enn i fjor: 44 prosent.

Prosentdelen som var på éi eller fleire kunstutstillingar fall frå 42 prosent i 2008 til 38 prosent i 2012.

Elles hadde både folkebibliotek (49 prosent), idrettsarrangement (55), museum (41), konsertar (61) og kulturfestivalar (31) ein mindre nedgang i oppslutninga.

LES OGSÅ: Så mange bøker låner folk i din kommune!

Berre opera og ballett hadde auka oppslutning i fjor, høvesvis frå 7 til 8 prosent og frå 13 til 14 prosent.

Her viser òg statistikken at to av tre aldri har sett ei opera- eller operetteframsyning, mens halvparten aldri har sett ei ballett- eller danseframsyning. Dei andre kulturtilboda har dei fleste av oss vore på minst éin gong i livet. Alle har vore på kino.

Jamt over er det no som før flest kvinner og personar med høg utdanning og inntekt som bruker kulturtilboda.

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur