Det har blitt populært med mikrobryggeri og lokalt øl dei siste åra – betyr det at me drikk mindre, men betre øl?

Denne veka er det Oslo Beer Week i hovudstaden. Lokalt øl blir hylla, og festivalen er eit symbol for det dunkane hjartet nordmenn har fått for godt øl dei siste åra.

På Crow Bar i Oslo, midt i Torggata, sit det allereie ganske mange på uteserveringa klokka fire ein tysdag ettermiddag. I sjølve lokalet står to svære tankar med øl under brygging, og over baren heng ei stor tavle med ulike typar og sære namn – blant anna «Pale Ale is the new pils».

– Øl smakar betre når det er så nærme, fersk øl er som oftast betre øl, fortel Dave Gardonio. Den kanadiske innflyttaren kom hit for fem år sidan, då byrja han å jobba for Ægir i Flåm. Ægir er ein av dei norske mikrobryggeria som har fått eit kraftig fotfeste på marknaden dei siste åra.

No driv Gardonio Crow Bar, og klarar berre akkurat å brygga nok øl til å tilfredstilla kundane som har strøyma taktfast innom sidan opninga jula 2012.

LES OGSÅ: Det putrar og skummar på Lindheim.

– Heilt anna status

– Det er fantastisk morosamt, seier Petter Nome om den auka populariteten til spesialøl. Han er direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen, og har slik sett god grunn til å vera nøgd med utviklinga.

– Øl har fått ein heilt anna status, og folk har blitt mykje meir merksame på mangfaldet, og spesielt kombinasjonen øl og mat. Eg trur det fører til ein betre drikkekultur.

Mindre, men betre

Har Petter Nome eit poeng i det han seier? Drikk me mindre, men betre øl?

– Eg håpar det er resultatet, fortel Gardonio på Crow Bar.

– Alkoholprosenten er ofte høgare på denne typen øl, men du kan ikkje drikka det på same måten som ei vanleg pils, forklarar han vidare.

Det siste året har salet av sterkøl, øl med over alkoholprosent over 4,75, auka med over 50 prosent samanlikna med året før, ifølgje drikkeglede.no. Det er i denne kategorien me finn storparten av produkta frå mikrobryggeri som Ægir, Kinn og Nøgne Ø. Samstundes er den totale auken i ølsalet på under 2% den same perioden.

– Statistikken viser at forbruket av øl ikkje aukar, men at det flyttar seg over til dyre kvalitetsøl, forklarar Nome.

– Er det slik at me adopterer kulturen for handbrygga øl i tillegg til flatfyll-kulturen i Noreg?

– Det er eit kulturskilje. Me ser endå ein del flatfyll her, og mange unge drikk mykje endå.  Samstundes går salet av vin og brennevin ned, så totalt sett får folk i seg mindre alkohol, legg han til.

LES OGSÅ: Stor auke i heimebrygging av øl.

Kvalitet over fyll?

I Torggata, same gate som Crow Bar, ligg òg kontoret til Juvente. Ungdomsorganisasjonen har engasjert seg i ruspolitikk i mange år, og jobbar blant anna med rusfrie arrangement for ungdom.

– Med mikrobryggeri får me ei slags “både-og”-haldning, seier leiar Kristoffer Holm.

– Dei som set pris på godt øl tek seg kanskje ein fylletur i tillegg, slik at det generelle forbruket aukar. Me ser at alkoholkonsumet generelt går opp, men blant ungdom går konsumet ned, legg han til.

Holm håpar haldninga vil endra seg etter kvart. Kvalitetsøl kostar meir enn vanleg øl, og difor vil kanskje folk bruka meir pengar på mindre øl, fortel han.

– I tillegg er fokuset annleis, på smak og kvalitet framfor fyll. Då slepp ein nokre av problema ein får med fyllekultur elles, som vald og seksuell trakassering. På lang sikt trur eg det er positivt av nordmenn fokuserer på kvalitet, kanskje dei arvar kvalitetsbehovet framfor kvantitetsbehovet.

LES OGSÅ: Årets ølinnovasjon frå Voss.

https://framtida.no/uploads/article/CrowBar2_1.jpg

Dave Gardonio håpar den aukande kjærleiken for kvalitetsøl fører til at folk drikk mindre, men betre øl. Foto: Anders Veberg

Inkluderande

I likheit med Petter Nome håpar Dave Gardonio at ølet skal bli ein integrert del av middagsbordet igjen. Men den gode smaken er nok ikkje heile historia bak populariteten til handbrygga øl.

– Øl er noko mange drikk til vanleg, og det er ein veldig sosial ting. Om dei kan kombinera det sosiale med alle dei nye, spanande smakane som kjem fram, er blir det veldig inkluderande.

Petter Nome er trygg på at populariteten kjem til å auka i åra som kjem òg.

– I andre land som ølbølga har nådd har det berre auka vidare. På den amerikanske marknaden står handbrygga øl for rundt sju prosent av salet, som er utruleg mykje. I Danmark er det nærare fem prosent, og her heime har det auka frå under eitt prosent til tre-fire prosent på få  år. Med kjøpekrafta me har her er eg ganske trygg på at talet vil bli endå høgare, seier Nome.

– Ikkje kast deg på av feil grunn.

Gardonio er naturleg nok nøgd med den populariteten til handbrygga øl, og blir glad for å sjå at fleire no prøver seg på heimebrygga øl, eller leikar med tanken om å starta sitt eige bryggeri. Men han er òg litt bekymra.

– Når så mange bryggar øl med galne namn gir det kanskje ikkje meining lenger, og kunden blir forvirra. Eg sjølv klarar ikkje alltid å halda følgje med kva typar øl som er på veg gjennom her.

Han oppmodar og om at folk veit kva dei driv med, før dei kastar seg ut i bryggebransjen.

– Eg håpar at folk ikkje ser denne veksten og kastar seg på av feil grunnar, til dømes folk som ikkje veit korleis dei skal driva eit bryggjeri, slik at dei sit tomhendte att når marknaden snur.

Petter Nome ser og at me kan nærma oss eit tak i veksten av bryggeri.

– Det er ei grense for kor mange bryggeri som kan veksa fram. No er det 5-6 store småskalabryggeri som har fått grep, men i fjor telte me 900 ulike øl her i landet. Det er jo veldig mykje. Dei største vil nok halda fram å veksa, men konkurransen vert hardare. Mange av dei som satsar meir lokalt vil nok kunne overleva med små volum, om dei ikkje investerer for hardt.

Når eit eventuelt fall i marknaden kjem, kan ingen vita. Men førebels ser det ut til at populariteten til spesialøl med unike smakar held seg litt til, og på Crow Bar står ein kunde ved badisken og seier “I’ll have a… Scream Ale, please”. Samstundes dansar Dave Gardonio rundt tankane sine, medan noko humle fell på golvet.

– It’s like my own personal stripping pole, seier kanadiaren og ler.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE