Stor auke i heimebrygging av øl

Fleire og fleire ynskjer å bryggje øl heime hos seg sjølv. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fire siste åra har firmaet Ølbrygging selt rundt 20 kilo humle og 10 tonn malt i året. I år ventar ølansvarleg for firmaet, Per Inge Haavik, at dei vil selje heile 1,5 tonn Humle og 150 tonn malt.

– Omsetjinga aukar enormt, seier han til NTB.

LES OGSÅ: – Ta ein slurk

Kompisane Tommy Bratseth og Bjørn Harald Færøvik bryggjar sitt eige øl, og forstår at stadig fleire vel å gjere det.

– Det er veldig gøy, og tilbakemeldingane vi får er positive. Derfor har vi halde fram. Vi har blitt bitne av basillen, seier Bratseth. Dei seier det er lett å lage øl og at det er noko alle kan få til.

– Det er alt rundt det som gjer det så spennande. Viss ein er litt teknisk anlagt og ynskjer å mekke og finne ut korleis prosessen fungerer, så er dette veldig artig å lære, seier Bratseth. Ølbrygging ventar å selje over 2.500 heimebryggjeri i år. (©NPK) 

LES OGSÅ: Vil dyrke den den gamle maten