Sunniva (20) blir historisk i OL

Sunniva Hofstad (20) er den første norske kvinnelege boksaren som deltek i OL.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Dei olympiske sommarleikane opna i Paris fredag, med ein storslått opningsseremoni på Seinen. Onsdag skal norske Sunniva Hofstad i elden for første gong under meisterskapet.

Då blir 20-åringen frå Trondheim historisk. Boksing for kvinner kom med i OL i 2012 i London. Først i år med Sunniva Hofstad har ei norsk kvinne greidd å kvalifisere seg.

– Det er heilt utruleg. Eg har faktisk ikkje funne orda som beskriv det, og eg trur heilt ærleg at det ikkje har gått opp for meg kor stort dette er. Det er som å gå inn i ein kva som helst annan kamp, men denne gongen kvalifiserte eg meg til OL, sa boksaren til Discovery etter den avgjerande kampen mot svenske Love Holgersson i mars.

Ho fortel til TV 2 at ho allereie som 13-åring bestemte seg for at ho skulle vere med i Paris-OL i 2024.

Hofstad boksar i 75-kilosklassa.

Omar Shiha og Sunniva Hofstad er på plass i Paris for å representere Noreg i boksing. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det er stort og eit skikkeleg løft for bokseforbundet og boksing generelt i Noreg. Eg både håpar og trur det vil gi ein auke i rekruttering til idretten, sa bokselegende Cecilie Brækhus til NRK då Hofstad kvalifiserte seg tidlegare i år.

Brækhus fortel at ho sjølv drøymde om å delta i OL då ho var amatørboksar, men at det ikkje var mogleg for kvinner då. Argumenta var både medisinske grunnar og at jenter ikkje var gode nok, fortel ho til kanalen.

Også Omar Shiha skal konkurrere i boksing for Noreg under Paris-leikane. Saman med Sunniva Hofstad er det første gong sidan 1996 at det norske boksarar med i OL.