Kunstnarfellesskapet Harding Puls flyttar kunsten ut frå galleria og inn i naturen. I Hardanger satsar kommunane bevisst på kunst.

mm

– Me treff publikum på ein ny måte, nokre vert overraska over å sjå det, medan andre tek turen fordi dei har høyrt om det, fortel Solfrid Aksnes, leiar i kunstnargruppa Harding Puls.

LES OGSÅ: Kunst på naturens premisar 

Planta kunst
I dag opnar kunstfellesskapet to nye kunstløyper i det treårige kunstprosjektet Mellom Himmel og Fjord. Kunstprosjektet strekkjer seg over fleire Hardangerkommunar. Dagens kunstløyper går i Norheimsund i Kvam herad og Mælen i Jondal.

I mai opna ei kunstløype i Utne i Ullensvang, der ein mellom anna kan skode ei havfrue i sement og skjell. Etterkvart skal det òg kome kunst ved Hardangerbrua.

Prosjektet har fått 145.000 i årleg støtte frå Hordaland fylkeskommune. Med eit budsjett på 600.000 i året er det difor ikkje fullfinansiert, og Harding puls arbeider vidare med å få støtte. Det er eit ambisiøst prosjekt.

Med seg på laget har kunstnarane i Hardanger fått kurator Kjell-Erik Ruud og fotograf Oddleiv Apneseth, i tillegg til fleire kunstnarar frå andre stader i landet, Danmark og Finnmark. Kunstverka vert sett opp i naturen, og skal etter planen stå opp i minst eitt år.

For verket til den finske kunstnaren Jakko Pernu måtte kunstnarane søkje kommunen om byggjeløyve. Det var berre ein formalitet. Med dugnadshjelp til kvistsamling har kunstnaren sett opp treskulpturen med tittelen Planting.

– I galleri er det eit avgrensa publikum som går inn, for nokon kjennest det kanskje litt formelt og uvant. Ute er det litt meir for alle og terskelen vert ikkje så høg, trur Aksnes, som set pris på at kommunane er positive til prosjektet og let dei setje opp skulpturar i det fri.

LES OGSÅ: Skal promotere norsk kunst i USA 

Saka fortset under biletet.


Ann Kristin Aas har montert eit vindauge i bakken ved Hardanger folkemuseum. Foto: Oddleiv Apneseth, Mellom himmel og fjord

Hardangerlokk
Hardanger har lenge freista å lokka til seg kunstnarar. Då smelteverket i Ålvik vart nedlagd stilte Kvam herad lokala til rådvelde for nokon som ville gje nytt liv til bygget. Gjennom prosjektet Kvammalokk hadde kommunen 24 norske og nederlandske kunstnarar var på omsyning og lokka mellom anna med lokale. Eit halvt år seinare hadde bygda åtte nye kunstnarar. I tillegg vart smelteverket til Kunstnarhuset Messen, der utanlandske kunstnarar søkjer om å opphalde seg i periodar.

Seinare har dei sju hardangerkommunane gått saman om prosjektet Hardangerlokk, saman med representantar for Harding Puls og Flytt til Hardanger.

Satsingane har resultert i eit levande kunstfellesskap, som inviterer med seg eksterne kunstnarar på prosjekta sine.

Ordførar i Kvam herad Asbjørn Tolo skryt av prosjektet til Harding Puls. Ordføraren set pris på det blømande kunstlivet.

– Det er ei bevisst satsing, fordi me ser at det er positivt for kunstmiljøet, men òg for dei andre innbyggjarane i kommunen, fortel Tolo.

I distrikta slit mange kommunar med avfolking. I Kvam har dei ei jamn vekst på litt under ein prosent. Ordføraren trur at kunstsatsinga har noko å seie for at folk vil bu i kommunen.

Andre nysatsingar innan kunst er kunsthuset Kabuso, som var tusenårsstad i kommunen, og Hardanger kunstskule – ein privat skule som vart oppretta i 2013. Hardangerrådet disponerer òg ein kunstnarbustad i Berlin, som kunstnarar med tilknytting til Hardanger kan søkje om å nytta.

Snart kan ein òg sjå meir kunst i verdsklasse i Kvam herad. Kommunen har saman med fylkeskommunen og andre gått inn for eit spleiselag på fleire millionar for å få ein lysinstallasjon av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Verket vert det andre i Noreg av kunstnaren, som har sett opp ein installasjon i Ekebergparken i Oslo.

LES OGSÅ: Urban kunst på bygda 

Bygdekunst
I dag kan altså innbyggjarane i Hardanger nyte kunst av internasjonale og lokale kunstnarar, som set opp verka sine i deira nærmiljø. Prosjektet er nesten ein dugnad frå kunstnarane si side, fordi mykje av midlane går til andre utgifter enn arbeidstimar.

– Det er ikkje berre i Oslo det skjer, slår kunstnar Solfrid Aksnes fast, og legg til:

– Men det er ikkje så lett å få landsomfattande medier til å sjå det som skjer i distrikta.


Finske Essi Korva har laga ei havfrue som stirrar ut over sjøen. Foto: Oddleiv Apneseth, Mellom himmel og fjord

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE