Opna kunstutstilling om Palestina: – Dette er ikkje eit tal, det er menneske
I eitt år har Rue Mussé (20) og Laiba Shafiq (23) jobba med å kuratera ei utstilling av palestinske kunstnarar.
– Absolutt alt er gjort av oss, og det er mykje ansvar, men det er òg veldig gjevande når du sit her og så er det eit ferdig produkt – eller ei utstilling då, seier Rue Mussé (20).
Han møter Framtida.no saman med medkurator Laiba Shafiq (23) på Nitja senter for samtidskunst i Lillestrøm.
All Eyes On
Gjennom Young Curators Mentorship, som er eit samarbeid mellom PRAKSIS og Nitja senter for samtidskunst, har 10 unge i alderen 17–23 år jobba fram utstillinga All Eyes On.
Ungdommane har alle ulike bakgrunnar og har sjølv kome fram til tema på utstillinga. Valet fall naturleg på situasjonen på Gaza og i Palestina, fordi dei byrja å planleggja utstillinga ikkje lenge etter Israel sette i gang ein massiv offensiv som følgje av terroråtaket 7. oktober.
Fleire av ungdommane har eit personleg engasjement for saka, og både Rue og Laiba kjenner seg takksame for at dei har fått moglegheita til å løfta eit tema dei synest er viktig.
– Eg synest det er så gøy å vera med å formidla og kuratera denne utstillinga, fordi eg synest det er eit så viktig tema. Det å stå med palestinarane, å vera der og fortsette og snakka om det, etter eitt år òg, understrekar ho.
– Ikkje for groteskt
Laiba har ein bachelor i pedagogikk og studerer IT. Den siste tida har ho prioritert å bruka mykje tid på utstillinga.
Utstillingstittelen All Eyes On spelar på diverse sosiale medium-initiativ, som har oppmoda verda til å retta blikket mot Gaza og Palestina.
Kuratorane har tenkt mykje gjennom innhaldet, og korleis det kan treffa menneske i ulik alder og med ulike erfaringar.
– Me må liksom tenkja på at det ikkje skal vera for groteskt, for det kjem jo til å vera barn her, og me vil liksom ikkje traumatisera barn, seier Rue.
Rue driv sjølv med både videokunst og andre kunstformer sidan han var liten, så han føler seg sterkt knytt til utstillinga dei no har vore med å kuratera i eitt år.
Mykje arbeid
Alle val er gjort av ungdommane sjølv, frå utstillingsdesign til tekstar.
– Me har sydd desse gardinene, seier Laiba, og peikar på dei lange gråblå draperingane som rammar inn videoinstallasjonen Levitations av Dalia Al Kury, eit av verka som gjev kuratorane håp.
Seint i går kveld fekk ho printa ut og plassert eit sitat av kunstnaren Wael Al-Sousi på golvet framfor videoinstallasjonen som viser ultralydbilete av den eldste sonen til kunstnaren.
– Det har vore mykje arbeid fordi det har vore mange siste endringar og avgjerder som skulle takast, så det har vore veldig å vera til stades for monteringsvekene òg, seier Laiba.
Ho byrja å interessera seg for kunst medan ho vaks opp i Italia, men har lært mykje meir om videokunst som har vore den einaste ramma kuratorane har fått for utstillinga.
Kunnskap og forståing
Dei håpar at besøkande i utstillinga sit att med meir empati, kunnskap og forståing av kulturen og menneska i Palestina.
– Ofte ser me berre den siste tida av liva deira, utan å veta kven desse menneska er og kva dei gjorde. Det vert berre eit tal, men dette er ikkje eit tal, det er menneske, understrekar ho.
Laiba kjenner sjølv på at bileta i sosiale medium kan vekkja sterke reaksjonar, og håpar at utstillinga kan gjera publikum betre kjent med menneska bak.
– Det er det me freistar å gjera: Gjera at stemmene som ikkje blir høyrt, blir høyrt, og kulturen som blir tapt, framleis har ein plass, forklarar Rue.
Uredde kuratorar
Prosjektleiar for PRAKSIS Teen Advisory Board, Marit Silsand, rosar dei unge kuratorane for å vera uredde.
– Det har ein ganske ufiltrert tilgang til både tematikk, materialval, dialog og innhenting, som eg tenkjer at ein kanskje har når ein kjem litt meir opp i åra og er ein profesjonell utøvar, og har litt andre omsyn å ta, forklarar ho, og legg til:
– Og det er ein styrke, altså.
Laiba viser fram ein vegg med trådar med bilete som ho har vore med å henta fram frå arkiva til film- og fotokunstnar Ayman Alazraq, som i 2006 flytta frå Vestbredden til Oslo.
Bileta viser palestinsk motstandskamp på 70-talet og heng festa i snorer, som ho forklarar symboliserer tråden tilbake i historia.
Òg kunstnarane meiner at ungdommane opptrer friare enn meir trente kuratorar, som har fleire omsyn å ta.
– Dei profesjonelle kuratorane må alltid velja ting veldig nøye, til og med velja orda, slik at det er mange ord du ikkje kan bruka og me må gjera det på ein annan måte. Men med denne gruppa kuratorar er det som om dei veit kva som føregår og dei er veldig interessert i ting, som var flott, rosar Alazraq, som får støtte av makkeren sin:
– Når du er ein aktiv kurator tenkjer du alltid på på ein karriere, og det er avgrensande. Desse kuratorane søkte ikkje ein karriere, karrieren søkjer dei, og dei er uredde, rosar Liam Alzafari.