Desse er eit billeg vern mot ekstremvêr

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Billeg vern mot ekstremvêr

Havnivået stig, stormar vert sterkare og risikoen for flom større. Klimaendringane trugar millionar av menneske, som bur langs kysten verda over.

Ei internasjonal forskargruppe frå Italia og USA, meiner at korallar kan vere deira redning, melder Videnskap.dk.

Bremser bølgjer
Forskargruppa har samanfatta studiar av risikoredusering ved hjelp av korallrev i Atlanterhavet, Stillehavet og Indiahavet. Funna er publiserte i tidskriftet Nature Communications.

Forskarane syner at korallrev i gjennomsnitt bremser bølgjekrafta med 97 prosent før bølgjene når kysten. Forskarane har deretter rekna på kor mykje det er å tene på å ta vare på korallreva, i staden for å byggje kunstige bølgjebrytarar.

LES OGSÅ: – Verda må tilpassa seg ei uviss klimaframtid

Ifølgje studien vil dei kunstige løysingane koste kring 107. 548 kroner per meter. Prosjekt som vernar korallreva vil koste kring 6. 990 kroner Nederst i skjemaetper meter. Vern av korallrev kostar dermed under ein tiandedel av kunstige bølgjebrytarar.

Kring 200 millionar menneske i 80 land vil kunne få nytte av at korallreva vert verna. Dette gjeld særleg i Indonesia, India og på Filippinene.

Korallane er truga
– Studien syner at vedlikehald av korallrev kan vere den mest kostnadseffektive løysinga for å minske den risikoen kystsamfunn står overfor i møte med klimaendringar, seier Filippo Ferrario, som er ein av forskarane bak studien, i ei pressemelding.

Forskarane peikar på at reknestykket kan vere eit argument for å slå to flogar i ein smekk; både å verne kystsamfunna mot ekstremvêr og å redde korallane. Dei naturlege bølgjebrytarane står nemleg i fare for å forsvinne.

LES OGSÅ: Mykje meir ekstremt vêr i vente

Ifølgje Pål Buhl-Mortensen ved Havforskingsinstituttet i Bergen er omkring 20 prosent av verdas korallrev allereie vekke, og stadig fleire følgjer etter, skriv Videnskap.dk.

Døde korallar blir skjøre og gir lite vern mot bølgjene. Ifølgje Buhl-Mortensen er korallar levande vesen som lever i symbiose med algar. Algane bur ‘under huda’ på korallane, og når desse forsvinner, døyr huda. Tilbake står berre skjelettet av korallane.

Les meir på Videnskap.dk.

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar