Foreldra sitt utdanningsnivå betyr mindre for karakterar og utdanningsval enn venta – i alle fall på bygda.

Faktaboks

Dette fann Heggebø:

• Foreldra sitt utdanningsnivå er mindre avgjerande for skuleprestasjonar enn venta.
• Involverte, litteraturinteresserte foreldre betyr meir for karakterar og utdanningsval enn høgt utdanna foreldre.
• Det er ein tydeleg negativ samanheng mellom tidsbruk på gaming og karakterar.
• Etter kontroll for tidsbruk er det ingen signifikant kjønnsforskjell i karakternivå.
• Nærleik til vener, familie og nærmiljø spelar ei rolle for utdanningsvalet til elevane.
• Sannsynet for at gutar vel allmennfag vert ikkje påverka av foreldra sitt utdanningsnivå.

LES FAKTALUKK FAKTA

Tidlegare forsking har nærast etablert det som ei sanning at barn er påverka av foreldre sitt utdanningsnivå. Barn av foreldre med høgare utdanning gjer det betre på skulen og vel oftare å ta høgare utdanning sjølv enn andre barn.

Stipendiat Kristian Heggebø vart difor overraska då han studerte ungdommar i Etne og Vindafjord. Der var ikkje den kjende samanhengen så tydeleg likevel, melder Forskning.no.

Involverte foreldre har meir å seie
– I bygde-Noreg kan verke som at utdanningsnivået til foreldra ikkje har så mykje å seie for kor godt elevane gjer det i skulen. I min studie var det andre faktorar som spela inn på karakterar og utdanningsval, seier Heggebø til Framtida.no.

LES OGSÅ:Her trivst elevane aller best

Studien omfattar ei spørjeundersøking blant 170 tiandeklassingar i to Vestlands-kommunar, som Heggebø har samanlikna med karakterinformasjonen om dei same elevane. Stipendiaten gjorde undersøkingane til masteroppgåva si, og omarbeidde seinare denne til ein artikkel som har blitt publisert i Tidsskrift for Samfunnsforsking.

– Familiebakgrunn har noko å seie, men utdanningsnivået til foreldra er ikkje så avgjerande som venta. På bygda var det viktigare med foreldre som er involverte i skulekvardagen til elevane. Det spela også inn om foreldra var litteraturinteresserte, fortel Heggebø, som høyrer til ved Fakultet for samfunnsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Sjølv om funna skil seg frå dei i tidlegare forsking, treng det ikkje tyde at den tidlegare forskinga tek feil.

– Data om elevane sine karakterar og foreldra sitt utdanningsnivå er lett tilgjengelege og enkle å kople saman. Dette kan forklare kvifor foreldra sitt utdanningsnivå har fått så mykje merksemd, medan andre forklaringar kanskje har blitt oversett, seier Heggebø.

Nærleik til vener og familie spela inn
I staden for foreldra si utdanning, fann Heggebø at bygdekonteksten spela inn på elevane sine skuleprestasjonar.

– Vanlegvis er ein oppteken av kva økonomiske vurderingar unge gjer når dei skal velje utdanning. Solid framtidig inntekt kan til dømes motivere unge til å velje nokre utdanningar framføre andre. Eg såg i staden på sosiale kostnadsvurderingar, og fann at nærleik til vener, familie og lokalmiljø også var viktige vurderingar hjå dei unge, forklarar stipendiaten.

LES OGSÅ:Her deltek elevane mest

Mange elevar ville ikkje ta høgare utdanning trass gode karakterar, fordi dei då måtte velje vekk nærleiken til vener og familie.

– Når ein bur på bygda må ein flytte frå vener og familie om ein skal ta høgare utdanning. Mange elevar trur sannsynlegvis òg at jobbane i nærområdet ikkje krev høgare utdanning, og at ein difor må bu andre stader for å få nytte av utdanninga. Å flytte fell mange tungt for brystet, og er med i vurderinga når elevane skal velje kurs vidare, fortel Heggebø.

Mindre ulikskap på bygda?
I forskingsprosjektet Elites in an egalitarian society har forskarane nyleg sett nærare på kva familiebakgrunn har å seie for utdanningsval. Dei fann at den sosiale klassebakgrunnen var minst like viktig som karakterane til eleven.

Jo høgare klasseposisjon foreldra har, dess betre karakterar får barna. Samstundes er det slik at barna til dei med mest kulturell kapital får dei beste karakterane, medan barna til dei med mest økonomisk kapital får dei dårlegaste karakterane, skriv Apollon.

LES OGSÅ: Etnisk kapital viktigare enn klasse

– Det er ikkje slik at ungdom med like karakterar, men ulik bakgrunn, gjer dei same vala i vidaregåande skule eller tek same type høgare utdanning, seier professor Marianne N. Hansen til Apollon.

Karakterar spelar inn, men foreldre og besteforeldre sin sosiale posisjon betyr også mykje. Det er skilnadar mellom både elevar med førstegenerasjonstilknyting til elitegrupper (foreldra har hatt ei stigande klassereise), elevar med besteforeldre som høyrer heime i elitegrupper, og elevar med arbeidarklassebakgrunn, ifølgje Hansen.

Heggebø tykkjer funna frå Elite-prosjektet er interessante.

– Desse studiane og mi eiga forsking kan supplere kvarandre på spanande måtar. Til dømes kan det vere slik at skilnadane mellom folk ikkje er så markante i bygda som i byane, fordi yrkesstrukturen er meir ‘komprimert’. Spennet i yrker og status er mindre på bygda, og dermed kan det vere vanskelegare å overføre statusen sin til barna via utdanningssystemet, seier Heggebø.

Gaming gjev dårlegare karakterar
Heggebø gjorde også andre funn. Til dømes fann han at jenter i større grad vert påverka av foreldra si utdanning enn gutar når dei skal velje utdanning. Dette samsvarar med andre nyare norske studiar, som syner at jenter har betre karakterar enn gutar i alle fag unnateke gym, og at dei i større grad vel studiespesialisering på vidaregåande, sjølv når karakternivået er likt.

I tillegg fann Heggebø ein sterk samanheng mellom kor mykje tid elevane bruka på videospel og karakterar.

– Ein har lenge spurt seg kvifor jenter gjer det betre enn gutar på skulen. Då eg kontrollerte for tidsbruk på videospel, var det ikkje lenger skilnad på gutane og jentene sine karakterar. Det kan tyde på at tidsbruken til elevane kan vere ein nøkkel til å forstå skilnadane i prestasjon mellom gutar og jenter, meiner Heggebø.

LES OGSÅ:Startar Noreg si første drillinje

Stipendiaten trur ikkje at det er skadeleg å game, men føreslår at dei som bruker mykje tid på videospel er dei same som lett blir distrahert frå leksearbeidet.

– Kanskje er desse gutane mindre flinke til å utsetje noverande behov, for å oppnå framtidig gevinst, spør han.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velja utdanning

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE