Om du er ung eller gammal, lærer du deg eit nytt språk, held du hjernen yngre, viser ny forsking.

mm

Ny forsking frå University of Edinburgh viser at fordelane er mange ved å læra seg eit nytt språk. Du blir betre til å lesa, betre til å uttrykkja deg munnleg og du blir smartare, viser ein studie av 853 personar, der 262 var tospråklege. Personane som var i undersøkinga var mellom elleve og 70 år.

Forskarane fann at dei som snakka to eller fleire språk hadde betydeleg betre tenkeferdigheitar seinare i livet, samanlikna med kva som vart føresett IQ-testar i barndommen deira. Sjølv då andrespråket vart lært i vaksen alder.

LES OGSÅ:Å skriva nynorsk hevar språkkompetansen

– Desse funna har stor praktisk tyding. Millionar av menneske verda rundt lærer seg eit nytt språk seinare i livet. Studia våre viser at fleirspråklegheit, sjølv når dette er tileigna i vaksen alder, gjev ein liten fordel til den aldrande hjernen, seier Thomas Bak, ein av forskarane bak studien, ifølgje ei pressemelding.

Tidlegare forsking frå same forskargruppe har vist at fleirspråklegheit kan forsinka demens med fleire år.

Problemstillinga som forskarane freista å finna svar på var i kva grad det å læra seg eit nytt språk forbetra evna til å tenkja, eller om personar med betre kognitive dugleikar vart fleirspråklege.

Forskarane meiner svaret er at hjernen vert smartare dersom ein lærer seg fleire språk.

– Studien vår er den første som har sett på samanhengen mellom fleirspråklegheit og tenkeferdigheiter seinare i livet, samstundes som me har kontrollert for intelligens i barndomen, seier Bak, ifølgje VG Nett.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE