Fleire klamydiatilfelle
Talet på klamydiatilfelle auka med seks prosent i fjor samanlikna med 2012, syner tal frå Folkehelseinstituttet. Fleire enn før tek testen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire klamydiatilfelle
Folkehelseinstituttet registrerte i alt 22.946 tilfelle av kjønnssjukdommen klamydia i fjor. Klamydia smittar gjennom ubeskytta sex og er den mest vanlege seksuelt overførbare bakterieinfeksjonen i Noreg. Dei fleste merkar ikkje at dei har klamydia, men for nokre få kan infeksjonen gi komplikasjonar, til dømes problem med å bli gravid.
LES OGSÅ: Kva veit du om klamydia?
Oppmodar unge menn
Talet på klamydiasmitta har dei siste åra vore jamt høgt i Noreg.
– Er du under 25 år og seksuelt aktiv, bør du teste deg ved kvart partnarbyte, slik at du unngår komplikasjonar og ikkje smittar andre, seier seniorrådgivar Hilde Kløvstad i Nasjonalt folkehelseinstitutt. Ho oppmodar særleg unge menn til å teste seg.
LES OGSÅ:– Utdatert sex-undervisning
– Bruk kondom
I alt 26 av dei registrerte klamydiatilfella var av varianten lymfogranuloma venerum (LGV), som i Noreg råkar menn som har sex med menn. Denne klamydiaforma krev meir behandling enn antibiotika, som normalt tar knekken på ein vanleg klamydiainfeksjon.
– Det viktigaste du kan gjere for å beskytte deg sjølv og seksualpartnaren din mot desse infeksjonane, er å bruke kondom, seier Kløvstad. (©NPK)