– Dårlegare arbeidsvilkår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit viktig punkt i avtalen som er gjort mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS og lærarorganisasjonane, er at den faste tida lærarane er på skulen skal vera 7,5 timar kvar dag. Det er ei utviding i høve til tidlegare ordningar som har vore ulik frå skuleslag til skuleslag.

Baklengs
– Dette er å gå baklengs inn i framtida. På andre arbeidsplassar vert det innført stadig meir fleksitid, medan lærarane blir meir og meir bundne. Det må kallast for eit tilbakesteg, seier tillitsvald Olaug Heggenes på Valen skule.

Verken ho eller dei andre i klubben trur at nyordninga vil gjera skulen betre.

– Arbeidsmengda går opp og ned. Å bruka tida der ho trengst blir vanskeleg med fastlåst arbeidstid. Det heiter forresten at den nye bundne tida skal innførast på skular som har fysiske føresetnader for det, altså gode arbeidstilhøve. Valen skule manglar det, noko eg trur fleire andre skular gjer òg, seier Heggenes.

– Synest du Utdanningsforbundet har svikta medlemene sine?

– Medlemene gav tydelege signal om at arbeidstida ikkje måtte rørast. Det har i alle fall ikkje forbundet lytta godt nok til, seier Heggenes diplomatisk.

Ingen jubel
Lærar og tillitsvald ved Rosendal ungdomsskule, Anette Smaamo, er heller ikkje glad for at lærarane får meir bunden arbeidstid.

– Det er uråd å få skulekvardagen til å passa slik at alt kan gjerast innanfor ei fast arbeidstid. Derfor vil det uansett vera behov for å jobba både kveld og helg innimellom. Meir bunden arbeidstid vil sannsynlegvis føra til fleire arbeidstimar, meiner Smaamo.

– Er du einig med dei som seier at Utdanningsforbundet har svikta medlemene sine ved å gå med på det?

– For å seia det slik, det er litt rart at forhandlingsleiaren i Utdanningsforbundet seier ho er fornøgd. Førebels har eg ikkje sett meg inn i alle detaljane etter forhandlingane, så eg får ta eit atterhald der.

Best mogeleg
Leiaren i Utdanningsforbundet Kvinnherad, Bjørn Olav Tveit, er heller ikkje fornøgd med læraroppgjeret, men tek likevel forhandlarane i forsvar.

– Det er to måtar å måla eit forhandlingsresultat på. Den eine måten er å måla resultatet opp mot medlemene sine forventningar, den andre å måla det opp mot kva som var mogeleg å få til. KS ønskjer å gjera radikale endringar i skulen. Dei har lytta lite til skulefolk og andre fagfolk, men køyrt på sitt. Resultatet etter forhandlingane trur eg såleis er det beste vi kunne håpa på å oppnå, meiner Tveit.

Han er heilt på linje med lærarane når det gjeld verknaden av meir bunden arbeidstid.

– Med meir bunden tid vil fleksibiliteten bli mindre. Særleg på vidaregåande er det store svingingar i arbeidsmengda. Den eine veka kan ein til dømes ha fleire norsktentamenar å retta, medan neste veke er normal. Skal ein strengt halda seg til den nye arbeidstida, vil det koma til å gå lengre tid før elevane får arbeida sine tilbakeleverte. Sagt annleis; lærarane får svekte vilkår for å gjera ein god jobb, seier Tveit.

Oppgjeret skal vidare til uravstemming blant medlemene. Tveit trur det beste er å akseptera den meklingsløysinga som ligg føre, sjølv om ho på ingen måte er optimal.

– Råder du medlemene til å stemma ja?

– Nei, eg har respekt for medlemene sine meiningar og at vurderingane er vanskelege. Vi har planlagt møte med tillitsvalde der vi skal gå gjennom detaljane i oppgjeret. Om vi kjem fram til ei felles oppfatning då, står att å sjå.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!