Ber regjeringa redda økoskulen
Miljøpartiet Dei Grøne utfordrar landbruksministeren etter at kunnskapsministeren sa nei i spørjetimen på Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Seinare i år skal Sogn og Fjordane fylkesting avgjera vidare drift eller nedlegging av Sogn Jord- og Hagebruksskole. I dagens spørjetime på Stortinget spurde Rasmus Hansson kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om regjeringa kjem til å gi Sogn Jord- og Hagebruksskole den nødvendige støtta for å få halda fram.
LES OGSÅ:– Nedlegging vil vera eit tap for heile Noreg
Unik kompetanse
Den videregående skolen i Aurland i Sogn og Fjordane, er den einaste i landet som gir eit heilskapleg undervisingstilbud i økologisk landbruk. Skulen utdannar agronomar med praktisk, så vel som teoretisk, kompetanse i økologisk landbruk, og har også studentar frå utlandet.
– Dette er ei unik linje, som forsyner Noreg med viktig økologisk kompetanse. Det er ein stadig etterspørsel etter denne typen kunnskap i Noreg i dag, sa Hansson i spørjetimen på Stortinget onsdag.
Sidan 1995 har skulen utvikla eit unikt kompetansemiljø, i dag driv dei blant anna med etter- og vidareutdanning for bønder innan ysting, ølbrygging, økoturisme, birøkt, økologisk landbruk, fruktdyrking og urtedyrking.
LES OGSÅ:Rekordsøknad til økologisk utdanning
Manglar 12 millioner
Det er brei politisk semje om å halda på skulen. Det kortsiktige investeringsbehovet er på 43 millionar kroner. Nå manglar 12 millionar av dette for å redda skulen. Rasmus Hanson meiner regjeringa må dekkja dette.
– Alle aktørar anerkjenner kor viktig denne linja er. Regjeringa er heilt nødt til ta ansvar.
Vil ikkje gjera unntak
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) svarte på Hansons spørsmål ved å visa til at det er fylkeskommunene som har ansvar for videregåande skule. Regjeringa har høve til å dela ut ekstra tilskot til enkelte skular, men kunnskapsministeren ønskjer ikkje å forskjellsbehandla.
– Det blir urettferdig mot alle andre vidaregåande skular i landet at Sogn Jord- og Hagebruksskole skal få særbehandling, svara ministeren.
– Listhaug må ta ansvar
Hansson følgde opp svaret til kunnskapsministeren ved å etterlysa eit heilskapleg ansvar frå landbruksministeren.
– Spørsmålet om eit meir miljøvennleg landbruk som alle aktørar seier me må ha, kan ikkje stoppast av viljen til regjeringa til å løyva 12 millionar kroner. Her må landbruksministeren inn og garantera pengane.
Sogn Jord- og Hagebruksskule har vore på randen av nedlegging på grunn av manglande økonomisk prioritering svært ofte. For å hindra dette dersom me hadde hatt makta sette me av 20 millionar kroner for å sikra vidare drift av skulen i vårt alternative statsbudsjett, seier Hansson i ei pressemelding.