– Det vert for lettvint

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke utfordra KrF-leiar Knut Arild Hareide forbrukarminister Solveig Horne på korleis ho vil sikre at forbrukarane får tilgang til informasjon om kleda dei kjøper er produsert under etisk forsvarlege forhold.

Denne veka svarar barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) mellom anna: «Det er først og fremst næringslivets ansvar å informere om hvordan de ivaretar grunnleggende menneskerettigheter og miljøansvar i sine leverandørkjeder.»

Svanesvar
Vidare i det skriftlege svaret stiller ho seg bak miljømerket Svanen, som har stor forbrukartillit. I tillegg opplyser ministeren at Nordisk ministerråd har sett i gang arbeid for å kartleggje

den nordiske tekstilbransjens potensial til å ta ei leiande rolle innan bærekraftig mote. Resultata av dette arbeidet, som skal leiast av Statens Institutt for Forbruksforskning (SIFO), skal leggjast fram tidleg i 2015 og målet er å få til ein felles nordisk handlingsplan om temaet.

LES OGSÅ: Svar frå motehus provoserer

– Ikkje på forbrukarane si side
Leiar i Framtiden i våre hender Arild Hermstad er skuffa, men ikkje overraska over svaret frå Horne.

– Det er eit svar som ber preg av at ho ikkje ønskjer å ta ansvar og vere på forbrukarane si side, meiner Herstad, som tykkjer at forbrukarministeren overlet for mykje ansvar til bransjen sjølv.

– Ho svarar ikkje på spørsmålet om kva ho sjølv vil gjere for å gjere det lettare for norske forbrukarar å handle klede utan å støtte kjeder som ikkje betalar arbeidarane sine leveløn.

LES OGSÅ– Forbrukarane har makt

– For lettvint
Hermstad meiner vidare at Svanemerket er vel og bra, men litt på sida av saka då dette er eit merke som fokuserer på miljøet. Heller ikkje initiativet frå Nordisk ministerråd let han seg imponere av, då desse ikkje har noko mandat.

– Det vert for lettvint å vise til ein rapport som kjem. Ho nemner ikkje staten sjølv si innkjøparmakt. Staten kjøpar inn mykje tekstilar til mellom anna helsevesen, forsvar og politi. Dei kan og burde stille etiske krav til sine underlevrandørar og påleggje desse å ha opne fabrikklister og leveløn for arbeidarane, seier leiaren i Framtiden i våre hender.