Vil ha Norsk Målungdom på samisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha samisk og kvensk namn

– Å vedta namn på samisk og kvensk er å synleggjera det rike mangfaldet av språk me alltid har hatt i Noreg, seier Marta Nagel-Alne, nyvald leiar i Studentmållaget i Bergen (SmiB), i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Eit gjennombrot for samisk

Språkoppmoding
No heiter Noregs nest største studentmållag Biergunstudentaj ådådárogiellasiebrre på lulesamisk og Perunan studenttikielijoukko på kvensk.

SmiB fatta namnevedtaket under årsmøtet sitt førre veke.

Studentmållaget valde eit offisielt namn på lulesamisk, fordi det er det av dei samiske språka som har eit eige namn på Bergen.

– Fleire ungdomsorganisasjonar – som Natur og Ungdom, Senterungdomen og Grøn Ungdom – har vedteke namn på samisk, og me fekk lyst til å gjera det same. Dessutan er det viktig å ha namn på kvensk, som er det største av dei nasjonale minoritetsspråka, og det einaste av desse som er eit skriftspråk, forklarer Nagel-Alne, som kan avsløra at engasjementet for urfolks- og minoritetsspråka ikkje kjem til å stoppa med dette.

– Me kjem til å jobba for at Norsk Målungdom sentralt skal få namn på samisk og kvensk, og oppmodar andre ungdomsorganisasjonar til å vedta namn på fleire språk, seier Nagel-Alne.

LES OGSÅ: Senterungdommen har fått samisk namn

Utfordrande omsetting
Påtroppande leiar i Norsk Målungdom Karl Peder Mork var sjølv tilstade under møtet og er godt kjent med initiativet frå Studentmållaget i Bergen. Det er eitt initiativ han set pris på.

– Det er ingen grunn til at me ikkje skal ha namn på fleire språk. Det er ei viktig anerkjenning av språka og vil vere på sin plass for ein organisasjon som arbeider med språkleg jamstilling, seier Mork, som kan fortelje at namnediskusjonen kom opp under årets landsmøte.

Målungdommen har òg diskutert eit offisielt engelsk namn, utan at dei kom fram til eit fullgodt engelsk alternativ. Mork forklarar at noko av utfordringa er å omsette noko som er eit ganske særnorsk fenomen.

– Ordet mål er meir enn berre språk. Det er viktigare med eit godt samarbeid og ei god omsetting, enn at ein får nytt namn på dagen, seier Mork, som forklarar at nye namn må verte vedteke på eit landsmøte.

Men det er slett ikkje utenkjeleg at Norsk Målungdom vert meir fleirspråkleg i framtida.

– Me har fått eit tettare samarbeid mellom anna med den samiske organisasjonen Noereh. Det ligg litt i tida at samisk har fått meir plass hjå Målungdommen, sjølv om me sjølvsagt ikkje går vekk frå hovudsakene om jamstilling for nynorsk og dialektar, presiserar Mork.

LES OGSÅ: Vil jobbe for fleirspråkleg skilting

Fin anerkjenning
Den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh set pris på at organisasjonar får offisielle namn på samisk og kvensk.

– Når dei vel å vedta offisielle namn på minoritetsspråk, synar dei at dei verdset språka og språkmangfaldet i Noreg. Det er òg i stor grad med på å gjere språka synlege på arenaer der dei vanlegvis ikkje synes så godt, skriv leiar Helge Aslaksen Ravna, i ein epost til Framtida.no.

Han støttar oppmodinga frå Studentmållaget i Bergen om at Målungdommen sentralt og andre organisasjonar bør følgje etter.

– Spesielt tykkjer me då at det er viktig for organisasjonar som verdset kultur- og språkmangfaldet me har her til lands. Å omsette namnet er ein veldig fin måte å anerkjenna andre språk på, meiner Ravna.

Bergen på samisk
Studentmållaget i Bergen arbeider mest med nynorsk og nynorskstudentar sine rettar, men er òg oppteken av å syna fram språkmangfaldet i Noreg. Difor vil dei fremja Biergun og Peruna, som er dei samiske og kvenske namna på Bergen.

– Sjølv om Bergen ikkje ligg i eit område der samisk og kvensk har vore mykje brukt, har byen alltid vore ein viktig handelsstad òg for varer frå nord. Difor er det ikkje rart at byen har namn på språk som vert brukte i Nord-Noreg, meiner Nagel-Alne.