Senterungdommen har fått samisk namn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha samisk namn på parti

I helga fekk Senterungdommen eit nytt namn: Guovddášnuorat. Det gjer Senterungdommen til første ungdomsorganisasjon blant dei store partia med offisielt namn også på samisk.

Det var Finnmark Senterungdom som foreslo eit samisk namn.

– Etter rådføring med mange vart namnet "Guovddášnuorat", som betyr "Senterungdommen" på samisk, fortel fylkesleiar Nikolai Normann Lund i Finnmark Senterungdom i ei pressemelding.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

– I motsetnad til regjeringspartiet FrP, som vil leggje ned Sametinget, meiner Senterungdommen at språket er essensielt for å ta vare på samisk kultur. Utan språket er den samiske kulturen borte i løpet av eit par generasjonar, fryktar han.

Senterpartiet har lenge hatt eit offisielt namn også på samisk. Sandra Borch er glad for at det same no gjeld Senterungdommen.

LES OGSÅ:– Me må tåla større forskjellar

– Det samiske må framsnakkast meir enn det blir gjort. Senterungdommen bidreg til det. Vi treng fleire folk som framsnakkar det samiske og den samiske tradisjonen, seier avtroppande leiar Sandra Borch, som også er same.

– Ein bør vere stolt over å vere same, og vise kva røter ein har, framhever ho.

Senterungdommen utfordrar fleire ungdomsparti til å følgje etter.

Namnet vart teke inn i vedtektene på Senterungdommens landsmøte laurdag. Senterungdommens landsmøte er det 64. i rekken og blir halde i Ålesund 8.-10. november.

Ifølgje tidlegare leiar i Natur og ungdom, Ola S. Elvevold, er det lenge sidan Natur og Ungdom fekk det samiske namnet sitt; Luondu ja Nuorat.

LES OGSÅ: Skal leia Senterungdommen