Usikkert om lærarane vil slutta rekkjene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sinte lærarar trur på streik

Utdanningsforbundet trur fleirtalet av lærarane i landet vil støtta opp under avtalen som er inngått med KS, men lokale tillitsvalde er ikkje like sikre på at det er mogleg å unngå ein streik.

Sinte lærarar har rast på sosiale media mot sitt eige forbund sidan Utdanningsforbundet blei samde med KS om ein ny arbeidstidsavtale for lærarane måndag morgon.

Fleire meiner at Forbundet har gjort knefall for KS og gått med på ein avtale dei skulle halde seg langt unna.

Avtalen inneber mellom anna at lærarane misser fleksibiliteten dei har i dag med å kunna gjera for- og etterarbeid heimanfrå. Dei får plikt til å vera til stades på skulen opptil 7,5 time kvar dag.

Uravstemming
Avtaleskissa går no til uravstemming blant medlemmene, som må gje svar innan 18. juni.

Leiar i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied seier ho trur på eit ja-fleirtal.

– Hadde eg ikkje hatt det, så hadde eg ikkje sagt ja til skissa som blei lagt fram i går, seier ho til NTB.

Lied seier ho hadde ein videokonferanse med alle fylkesleiarane måndag ettermiddag og at tilbakemeldingane frå dei var gode.

– Dei ser at vi har forsvart viktige prinsipp om ei sentral avtale, der undervisningstida ligg fast, og tida til for- og etterarbeid blir sikra betre, seier ho.

– Ei forverring
Rundt om i landet er likevel dei lokale tillitsvalde ikkje så sikre på utfallet av avstemminga.

I Hordaland, som er nest største fylkeslag i Utdanningsforbundet, er det svært mange frustrerte og usikre lærarar, fortel Anita Knapskog, ansvarleg for seksjon grunnskule i fylket.

– Eg er svært usikker på resultatet. Basert på stemninga her i dag, så ville eg seia at det kjem til å bli nei, seier Knapskog til NTB.

Knapskog seier ho sjølv ser på avtalen som ei forverring, men at ho fryktar resultatet av å seia nei og gå til streik kan bli endå verre.

Stemningsskifte
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Rogaland, Gunn Reidun Tednes-Aaserød, seier medlemmene i fylket er svært delte.

– Nokre er svært kritiske, men eg ser allereie eit stemningsskifte frå i går, då motstanden var endå meir unison. No seier fleire at dei ser positive element i avtalen, seier Tednes-Aaserød til NTB.

Ho seier ho synest leiar Ragnhild Lied har gjort ein kjempejobb i forhandlingane.

– For nokre månader sidan trur eg ingen hadde trudd at vi skulle koma oss gjennom dette oppgjeret utan ein storstreik, så at ho har klart å få til dette, er ei bragd, seier Tednes-Aaserød.

Ho åtvarar medlemmene mot å stemma nei til avtalen som no ligg på bordet.

– Då set vi i gang eit stort spel. Vi risikerer å bli sitjande att med det siste tilbodet til KS, som inneber å utvida skuleåret og at skuleleiarane får meir av styringsretten over tida til lærarane enn i denne avtalen, seier ho.

Varslar streik
Tre mindre lærarforbund, Norsk Lektorlag (NL), Skolenes landsforbund (SL) og Musikernes Fellesforbund (MF) valde måndag å seia nei til avtalen.

Dei tre forbunda organiserer rundt 18.500 av lærarane i landet, medan Utdanningsforbundet organiserer rundt 70.000 av lærarane.

Dei to LO-forbunda SL og MF varsla tysdag at dei vil gå til streik før sommaren. NL vil torsdag neste veke ta avgjerda om ein eventuell streik.

Leiar i Skolenes Landsforbund, Anne Finborud, seier dei to forbunda ikkje går til streik fordi dei trur dei kan få ein betre avtale i år, men av strategiske, langsiktige grunnar.

– Vi ønskjer å påverka utviklinga av norsk skule, og vi ønskjer å bevisstgjera KS på at vi i neste omgang må ha tydelegare avtalar om korleis vi skal organisera arbeidstida, seier ho.

Finborud meiner avtalen som no ligg på bordet, er så uklar at skulane vil måtta bruke urimeleg mykje tid på forhandlingar og kampar lokalt om korleis organiseringa skal sjå ut i praksis. (©NPK)