Fleire kvinner enn menn fullfører høgare utdanning
Store kjønnsforskjellar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire menn droppar ut
Kvinner fullførte langt fleire utdanningar på universitet og høgskular enn menn i fjor. Som før dominerer kvinner utdanningar i helse- og skulesektoren fullstendig.
Statistisk sentralbyrås oversikt over fullførte utdanningar ved universitet og høgskular i skuleåret 2012/2013, viser ein auke på 1.600 frå det førre skoleåret. At det berre var ein liten auke på høgare nivå, kom i hovudsak av at færre menn fullførte på dette nivået samanlikna med året før.
Totalt fullførte 16.417 menn utdanning på høgare nivå, medan 25.710 kvinner gjorde det same. Delen på 39 prosent menn og 61 prosent kvinner har halde seg uendra.
Innanfor fagfeltet helse-, sosial og idrettsfag stod kvinner for langt over 8.000 av dei fullførte utdanningane. Menn fullførte færre enn 2.000. Kvinnene dominerer også lærer- og pedagogikkutdanningane med over 5.500 fullførte utdanningar. Også her ligg mennene under 2.000. Mennene dominerer på si side kategorien naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, med drygt 5.000. Her fullførte kvinnene omtrent halvparten så mange utdanningar.
4.417 innvandrarar fullførte høgare utdanning førre skuleår og delen som fullførte gjekk opp frå 10 til 10,5 prosent. (©NPK)
LES OGSÅ: Somlande studentar