– Dagens russ er for snille

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er siste dagen i år at små menneskjer jaktar i flokk nedover gata på jakt etter russekort. For dei av russen – som ikkje har festa for hardt i natt – skal årets russefeiring avsluttast med eit brak i dag. Etter det vert fløyter og russeluer lagt på hylla. Då er elevane klare for å skaffe seg eit yrke og gå inn i vaksenverda.

LES OGSÅ: Ingen ølflasker i russetida 

Framtidas leiarar
Sosialantropolog Allan Sande har doktorgrad i russ og er professor ved Universitetet i Nordland. Han samanliknar dagens russefeiring med det overgangsritualet til vaksen alder som konfirmasjonen ein gong var. Men ein viktig forskjell er at russefeiringa er arrangert av russen sjølv.

– Det kan samanliknast med karnevalsfeiringa i Rio. Det er ein konkurranse om å bryte samfunnsreglar og normer, meiner Sande.

Ifølgje professoren kan ein i russekulla kan sjå kven som vil styra landet framover.

– Der er framtidas politikarar, artistar og journalistar som stikk seg ut, forklarar Sande, som meiner at i russetida er det om å gjer å få mediemerksemd utan å drite seg ut.

Til dømes har både Jonas Gahr Støre, Høgres Per-Kristian Foss, Oslo-ordførar Fabian Stang og tidlegare statsminister Thorvald Stoltenberg hatt russeverv. Sistnemnde kan du truleg takke for di eiga russetid.

I 1950 såg det nemleg mørkt ut for framtidas russ, fordi rektorkollegiet varsla at dei ville kvitte seg med tradisjonen. Russekullet leia av president Thorvald Stoltenberg gjekk  i forhandlingar med dåverande kyrkje- og undervisningsminister Lars Moen. Dei fekk lov å vere russ, oppførte seg bra og siste dag i russetida gjekk dei i tog til departementet og takka for tilliten.

LES OGSÅ:  Her feirar russen hardast

Horn i panna
Russefeiringa er ein gamal tradisjon, som starta i Danmark allereie på 1700-talet. Ludvig Holberg skreiv om tradisjonen alt i 1721, i Erasmus Montanus.

Den gong var det ei feiring etter å ha bestått examen artium og kome inn på universitet. Slik sett var det ei feiring for dei få, då ikkje mange tok høgare utdanning på denne tida.

Sjølve namnet russ kjem av endinga på det latinske cornua depositurus– som tyder å legge av seg sine horn. Dette kom av at eldre studentar gjorde narr av ferske studentar ved å kle dei i horn etter at dei hadde teke prøva. Når resultata var godkjente fekk dei ta av hornet og verte russ. Symbolsk gjekk de ifrå å vere ville dyr til danna studentar.

– I tillegg er rus eit gamalt germansk ord for noko vilt og ustyrleg. Me hadde eit vilt land i aust som me kalla Russland, der russarane budde, forklarar Sande.

Russefeiringa døydde ut i Danmark, men fekk nytt liv i Noreg i på Universitetet i Oslo då det vart stifta i 1811. Den gong var det 11 studentar og fem professorar. Det var framleis knytt opp mot starten på examen artium og starten på høgare utdanning og var ikkje meir enn ei vekes feiring.

Raudfarge frå Tyskland
I 1904 kom ei reform som gjorde at opptaksprøva til universitetet vart teke lokalt i gymnasiet. Slik vart feiringa flytta til våren – den gong etter 17.mai.

I 1905 kom den raude russelua, inspirert av studentar frå Tyskland. Det var no russefeiringa nærma seg det me kjenner i dag, der russen er ein viktig del av 17.mai-feiringa.

Då eksamen i 1979 vart flytta til etter 17.mai var dette eit grep frå Arbeidarpartiet for å dempe feiringa. Etter dette har fleire freista å flytte eksamen tilbake før russefesten.

Etter raudrussen dukka den blåe russen, som har teke økonomiske eller administrative fag opp. På 80-talet kom svartrussen, som har teke yrkesfag.

Elles har ulike stader lokale tradisjonar. Nokre stader finn ein oransje- eller grønruss på slutten av ungdomsskulen. Eller rosaruss etter barnehagen.

Russeboom
Alkohol og rus har vore ein viktig del av feiringa så lenge russen har vore raud. Det har vore ein måte å bryte grenser på.

Tidleg russ hadde lite utstyr – det var ei lue og ein bambusstokk med sløyfe. Russeknutane kom truleg på 1940-talet, og vert fastsett av russestyra kvart år.

– I dag er det 120.000 som søkjer høgare utdanning og rundt 40.000, som er russ. Tradisjonen har sprengt sine eigne rammer og vorte noko heilt anna. Det er ein eksamensfest før eksamen, som har løpe løpsk, meiner Sande.

Til samanlikning var det rundt 300 russ i 1905 og 1366 russ i 1950.

Sjølve festen har òg vorte lenger. Dei fleste feirar i tre veker, medan nokon startar med russefestar allereie på hausten før russetida.

LES OGSÅ: – Her skal det brukast det som brukast må 

Samfunnsspegelen
Årleg vert det klaga over russen sitt forbruk og festing. Allan Sande stilte til «Ny debatt» arrangert av UngOrg og Oslo AUF på Litteraturhuset førre veke. I panelet sat òg Eirik Korslund Haukland, som er PR-ansvarleg for årets russekull, og Gitte Gotteberg, leiar i russefestarrangørselskapet ROK. Dei har begge sett seg lei av det einsidige mediefokuset på russen sitt forbruk og meiner at russen lærer mykje av å arbeide mot den store feiringa.

– I media vert me anten framstilt som drittungar som øydelegg, eller som dumme tullebukkar fordi me brukar alle pengane på russefeiring, seier Haukland.

Sande meiner russen speglar samfunnet me lev i. Han dreg fram krefter som vil nytte store summar på ein OL-fest, som ei samanlikning.

– Eg saknar at dei utfordrar samfunnet. Dagens russ er for snille, seier Sande, og utdjupar:

– I skulevala er det Frp og Høgre som vinn. Dagens russ stemmer på jo på regjeringa, seier professoren lettare oppgitt.

Dette er ikkje første gongen han klagar over snill og lydig russ. I 2011 gjekk han ut i media og sa at russen var for snille. Russekullet i Bodø svara med å bombardere professorens hus med toalettpapir.

Sjølv boikotta professoren – som ein av to elevar – si eiga russetid i Stavanger. Det var hans opposisjon.