– Her skal det brukast det som brukast må

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

180 russ på Knarvik vidaregåande skule er midt inne i den største festen i sitt liv, ein månad med fest og moro som russ 2014. Og dei har det storvegs.

– Russetida lever opp til forventningane, seier Espen Kolås.

Saman med kompisane på bilen Grunnloven, feirar dei det dei kan.

– Det er alkohol i store mengder, seier Emil Veland Åstum.

– Dyrt å vera russ

– Det er gøy, men tungt, skyt Anders Stordal Fjeldsbø inn.

I år er det berre to russebilar i Knarvik, Grunnloven er som alt nemnt den eine. Den betalte gjengen 35 000 kroner for. I tillegg har dei brukt nokre tusen kroner på å fiksa den opp og få laga seg ein logo.

– Kvifor er det så lite russebilar i Knarvik?

– Folk på studiespesialisering tek seg kanskje ikkje råd til det. Dei er kanskje litt fornuftige, lurar Fjeldsbø på.

LES OGSÅ: Rektor: – Av og til trur dei at når dei er russ så kan dei tillata seg ting

Kompisane på Grunnloven er alle elevar ved TAF-?og TIP-linjene, som gjer at dei jobbar og tener pengar medan dei går på skulen.

– Er det dyrt å vera russ? Det vert jo hevda at kjeder som sel russeutstyr utnyttar russen?

– Ja, det er dyrt nok. Vi får mellom anna heile tida tilbod på telefonen om å kjøpa nye ting, seier han.

– Kor mykje reknar de med å bruka i russetida?

– Eg har ikkje sett opp noko budsjett. Her skal det brukast, det som brukast må, seier han og ler.

Etter å ha rekna litt kjem kompisane fram til at det går i alle fall rundt 20 000 kroner per person, inkludert russebilen.

– Har de råd til dette då?

– Jada, vi tek ikkje opp forbrukslån for å vera russ, akkurat, seier Kolås.

– Kjenner de nokon her i Knarvik som har tatt opp forbrukslån for å finansiera russetida?

– Nei, svarar dei samstemt.

– Ei siste utblåsing

Sjølv om det er lite russebilar i Nordhordland, ser dei det som lite truleg at dei komande russegenerasjonane kjem til å stilla i russebuss i Knarvik.

LES OGSÅ: Ansiktet til Hallgeir vart knust i ei bilulykke. Denne veka møtta han igjen ein av redningsmenna sine

– Buss er dumt og unødvendig bruk av pengar, seier Emil Veland Åstum.

– Korleis er forholdet til Bergensrussen då?

– Har vi noko forhold til dei då? Vi har ikkje noko med dei å gjera og vi har heller ikkje noko i mot dei, seier Kolås.

Russeknutar er ikkje det gjengen i Grunnloven fokuserer mest på. Men nokon har dei sikra seg.

Ein av dei drakk ein kasse øl på tolv timar, men dei har og prøvd seg på dei litt enklare greier.

– Vi har vore sju rundar gjennom ei rundkøyring, samt at ein lørdagskveld hadde vi ikkje full bil, så då tok vi med oss ein kar som stod og venta på bussen inn til sentrum, seier Fjeldsbø.

Når denne avisa når folk, har dei ei veke igjen av feiringa.

– 16. mai vert ei siste utblåsing, åtvarar Kolås.

LES SAKA I NORDHORDLAND!

Her er dei som går yrkesfagleg retning. Foto: Morten Sæle