Natur og Ungdom, AUF og Grøn Ungdom er skuffa over revidert nasjonalbudsjett.

mm

Onsdag la Statistisk Sentralbyrå tal som viser at norske klimautslepp igjen aukar. Auken er på 100.000 tonn CO2.

Same dag vart òg revidert statsbudsjett lagt fram.

– No må Erna og Siv vise at dei meiner alvor. Det held det ikkje med småpengar til klima, no må alle klutar til, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

Natur og Ungdom påpeikar at dersom vi skal nå klimamåla som Stortinget har vedtatt i klimaforliket, må utsleppa gå ned med rundt 3 prosent i året. Organisasjonen er redd for at tiltaka som er vedtatt ikkje strekkjer til.

Ifølgje tala frå Statistisk sentralbyrå auka utsleppa frå olje- og gassutvinning med 2,1 prosent.

– Vi som er unge i dag har høyrt politikarar snakka om klimaproblemet i heile levetida vår, likevel går altså utsleppa opp når dei burde gått ned. Dette held ikkje mål om vi skal unngå farlege klimaendringar, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

I dag aksjonerte organisasjonen utanfor framlegginga av revidert nasjonalbudsjett i Oslo. Tal frå Miljødirektoratet viser at det er eit gap på 8 millionar tonn CO2 mellom klimamåla Stortinget har vedtatt og tiltaka som følgjer med. Dette tilsvarar utsleppa frå 3 millionar bilar.

– Erna og Siv kan jo velja: Er det naudsynt å avskilte tre millionar bilar for å få klimarekneskapet i hamn, eller er dei villige til å gå lenger for å få ned utsleppa, seier Vestre

Organisasjonen meiner forslaget til statsbudsjett ikkje inneheld tilstrekkelege pengar til klimatiltak, og at det er fleire tiltak som peikar i motsett retning.

– Vi berømmar Erna for pengane ho gjev til klimafondet, men det vi ser er at pengar vert flytta frå vedlikehald av veg til store nye utbyggingar. Det vil føra til auka utslepp. Dette er ikkje eit klimabudsjett, seier Vestre.

– Må gjera noko no
Nasjonal talsperson i Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl, krev sterkare tiltak for å kutta i klimautsleppa.

– Vi har ikkje tid til å venta på utsleppsteknologi som kanskje vil kutta utslepp om ti år. Regjeringen sviktar i det reviderte statsbudsjettet, ho.

– Olje og gassnæringa er dei som har auka utsleppa mest, og følgeleg er det her kutta må koma. Det er skuffande at regjeringen synest det er viktigare å forbetra ordningene for kjøp av alkohol og tobakk på taxfree-sona, enn å setja avgrensningar for den største forureinaren vår, seier ho.

AUF-leiar Eskil Pedersen kallar revidert nasjonalbudsjett ansvarlaust og usolidarisk, og meiner regjeringa svikar klimaet, ifølgje i ei pressemelding.

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Kjelde: SSB

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE