Mållaget fryktar at kommunesamanslåingar vil skapa ekstra press på nynorsken.

mm

Dei einskilde kommunane skal sjølve finne ut korleis dei løyser ei eventuell samanslåing av små nynorskkommunar med store bokmålskommunar. Det er bodskapen frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i meldingsdelen til kommuneproposisjonen.

– Dette er for dårleg, meiner Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Korleis ser regjeringa at dei små nynorskkommunane skal løyse det i møte med store bokmålskommunar? Her lèt departementet mindretalet i stikken. Dette er oppskrifta på mindre nynorsk, meiner ho.

På ein konferanse i Sogn og Fjordane 29. april vedgjekk kulturminister Thorhild Widvey (H) at kommunesamanslåingar kunne leggja press på nynorskkommunar.

Viktige kommunar
– Nynorskkommunane er i dag avgjerande for å hegne om nynorsken. Mindre brukte språk treng å hegnast om i møte med majoritetsspråket, og dei treng stader der dei kan vere majoritetsspråket.

Når departementet sjølv vil utarbeide faktagrunnlaget for dei lokale diskusjonane og sjølv styre korleis ein skal spørje innbyggjarane i eigne kommunar, legg ikkje denne prosessen til rette for å ta omsyn til dei behova som eit mindre brukt språk som nynorsk har, heiter det i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Om Sanner ser til Finland, vil han kunne sjå til eit land som tek mindretalet sine språkrettar på alvor på ein heilt annan måte enn det ein legg opp til i kommunereforma i dag, ifølgje Marit Aakre Tennø.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52
ANNONSE