Fryktar for distriktsjordbruket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fram til 16. mai sit landbruksorganisasjonane i forhandlingar om årets jordbruksoppgjer. Landbruksminister Sylvi Listhaug har tilbydd bøndene 150 millionar kroner, medan kravet er på 1,5 milliardar.

Bøndene Tone Edland i Edland, Gunleik Mæland i Flatdal og Jørund Heggtveit i Åsgrend i Kviteseid er samla for å slå av ein prat om jordbruksoppgjeret. Dei registrerer at med tilbodet frå staten ynskjer regjeringa å prioritere store gardsbruk og auke produksjonen. Ein vil fjerne utjamningsordningar mellom små og store bruk, slik at fordelane minskar ved å drive smått.

– Dette vil råke 95 prosent av alle bøndene i Vest-Telemark, og på lang sikt alle, er Edland, Mæland og Heggtveit samde om.

Ingen sjanse
Heggtveit registrerer at regjeringa vil senke produksjonstilskotet til mindre bruk og gje meir til dei store.

– Det blir veldig galt for oss som bur i distriktet. Det er viktig å ha eit jordbruk spreidd over heile landet, og ikkje bare i store område. Dessutan er det viktig å halde oppe kulturlandskapet og beitet, seier Heggtveit.

– Eg forstår tankegangen med å ha større bruk, dei vil ha billigare mat. Men det er matvarekjedane som har auka prisen mest på varer, ikkje bøndene, held han fram.

– Regjeringa vil bare satse på store bruk. Det kjem til å avvikle dei små bygdesamfunna. På lang sikt har me i Vest-Telemark ingen sjanse til å konkurrere med dei store bøndene på Austlandet og Jæren, seier Mæland.

– Skal ein bonde i Vest-Telemark ha 1.400 dyr, kvar i svarte skal han ha dei ut på beite, undrar Edland.

For å auke produksjonen slik regjeringa vil, er bondetrioen klar på at løysinga er å utnytte små areal som i Vest-Telemark. Store og lette areal som i Trøndelag og på Austlandet og Jæren er alt i full drift.

Slik ein frykta
Edland seier rett ut at ho er oppgjeven over innleiinga og dei store linjene regjeringa har lagt seg på i landbruksoppgjeret.

– Linjene er heilt feil og slik ein frykta. Fyrste tilbodet frå regjeringa, som inneheld parti dei fleste ynskte ved sist val, vil avvikle alt som er bygd opp i generasjonar i distriktet. Eg tenkjer på retninga til regjeringa om å fjerne konsesjonsgrenser på høns og gris, ny kvoteordning og satsing på store bruk. Vidare vil dei fjerne bu- og driveplikta og prisreguleringa. Det er ikkje positivt for oss, men for kaksane som vil ha seg ein fritidsplass. Det er ikkje noko i denne retninga til regjeringa som fremjar den aktive bonden, seier Edland.

Vil Stortinget bry seg?
Regjeringa vil redusere tilskotssatsen til dei som har opptil 200 sauer, og auke satsen for dei over dette talet. Vidare skal taket på mjølkekvote tridoblast frå dagens 400.000 liter.

– Med 1,2 millionar liter mjølk i kvote er det bruk for 15 geitebønder i heile landet, om behovet for geitemjølk held seg på dagens nivå. Det er like mange geitebønder som det er i Vinje kommune, seier Edland.

– Dette heng ikkje på greip. Ein må ha 2.000 dekar for å kunne produsere 1,2 millionar mjølk. Det er bare eitt bruk i Vest-Telemark, i Flatdal, som kan klare det, seier Mæland.

– Kva skal alle andre som driv med mjølkeproduksjon i Vest-Telemark gjere? Gå på sosialen? kjem det frå Edland.

– Regjeringa har starta på retninga for å avvikle dyrehaldet i Vest-Telemark. Held regjeringa fram slik, har dei etter fire år rasert heile distriktslandbruket, seier bondetrioen samstemt.

Fristen for forhandlingane er 16. mai. Blir det ikkje semje, skal Stortinget avgjere jordbruksoppgjeret.

– Tilbodet frå regjeringa er ei ulykke. Om det blir brot i forhandlingane vil då Stortinget bry seg med føringane eller gjere noko med ramma i tilbodet? Regjeringa har lagt linja. Det er skremmande om ingen på Stortinget bryr seg, seier Edland, Mæland og Heggtveit.

Bondetrioen
Tone Edland er leiar både i Vinje bondelag og Vinje og Rauland sau og geit. Vidare sit ho i styret i Norsk sau og geit.

Edland dreiv ein del år med både sauer og geiter, men det stoppa opp då ho ikkje fekk fornya kontrakten på leigegarden. Ho har ynske om å starte med sauer og geiter att.

Gunleik Mæland er styremedlem i Telemark bondelag. I Flatdal har han 100 vinterfôra sauer og 7 ammekyr. Målet er å auke dyretalet, men usikre rammer gjer at planen er på vent.

Jørund Heggtveit er styremedlem i Kviteseid bondelag. Han blei nokså nyleg bonde, og har brukt millionar av kroner på gardsbruket sitt. Heggtveit har 32 vinterfôra sauer, 26 ammekyr og 7.400 høner.

– Tragedie for Vest-Telemark
Når Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) skal engasjere seg i saker som blir tatt hand om av Stortinget, er han særleg oppteken av to tema, vegane og primærnæringane. Han har brukt og vil bruke mykje tid på å påverke eige parti på Løvebakken om kva som er føremålstenleg for landbruket som i Vest-Telemark.

– Eg skal ikkje påstå at landbrukspolitikken i Ap alltid har vore perfekt, men han har vore mykje meir på landbrukets premissar enn det regjeringa legg opp til no, seier Homme.

Han fylgjer året jordbruksoppgjer med argusaugo.

– Landbruket er ein hjørnestein for busetjing i Vest-Telemark. Levedyktige vilkår for bøndene er grunnen til at det også skal vere levedyktig i Vest-Telemark. Folk vil ikkje bu i ei falleferdig grend, seier ordføraren.

– Folk sa før sist val at det ikkje har betyding om kva regjering me har. Jau, det har det. Dagens regjering driv veldig direkte sentraliseringspolitikk, og er opne om det også. Å ha ein landbruksministeren frå Frp er skandale og tragedie for Vest-Telemark. Det er umogleg å få til eit godt jordbruksoppgjer med ein statsråd frå Frp.

Og dette kjem bare til å bli verre og verre. Eg fryktar for jordbruket i Vest-Telemark, seier Homme.

Han registrerer at det er ynske om å prioritere store bruk.

– Det er vel ikkje eitt bruk i Vest-Telemark som kan definerast som stor landbrukseigedom.

Ordføraren trur småskala som i dag er framtida, og meiner ein må fortsette å drive i distrikta som har jordbruksareal.

– Noreg skal ha mest mogleg sjølvprodusert mat, men du kan ikkje lage all mat på Austlandet eller på Jæren. Elles vedkjenner eg at eg er stor tilhengar av tollbarriere, men den vil Frp ha bort, ristar Homme på hovudet.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!