Frir til unge veljarar med gruppesex

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frir til veljarar med gruppesex

Danskane ønskjer at fleire skal stemma når det er val til Europa-parlamentet 25. mai. I reklamevideoen til Folketinget møter me den animerte superhelten «Voteman».  I opningsscena har han fem damer til sengs. Midt oppi det heile får han ein telefon, der han blir bede om å hjelpa til med å auka valdeltakinga i Danmark.  

Då «Voteman» var ung gløymde han nemleg å stemma ved Europa-parlamentsvalet, og mista dermed påverknad i viktige spørsmål som klima, landbruk, bruk av kjemikalie i leiketøy – og kor mykje kanel det er lov til i kanelbollar. Derfor har han via livet sitt til å auka valdeltakinga. Og det oppnår han gjennom vald og tvang.

(Sjå video lenger ned i saka!)

LES OGSÅ: Skillingsboller i fare

– Pinleg og fordummande

Fleire danske politikarar rasar no over animasjonsfilmen som er laga av kommunikasjonsavdelinga ved Folketinget.

– Videoen er pinleg og fordummande. Formålet er å få fleire til å stemma, særleg dei unge, men eg trur ikkje at verkemidlar som oralsex og vald får dei unge opp av stolen. Videoen er meir eit uttrykk for dei fordommar som reklamefolk har om unge enn kva dei unge vil ha, seier Rasmus Horn Langhoff (Socialdemokratene) til danske TV 2

Les også: Europeisk ungdom har fått stemmerett i EU

Etterlyser humor
Mogens Lykketoft, Folketingets formann, forsvarer den drøye reklamen:

– Ein må vera litt avslappa og ha humoristisk sans, seier han til ifølge BT.dk og legg til:

– Eg kan godt forstå at det er forskjellige meininger om dette. Vårt einaste formål, sjølv om det er utradisjonelt, er å gjera dei yngste veljarane oppmerksame på valet. Nokon vil synast reklamen er morosam, andre vil bli forbanna. Personleg klarer eg ikkje å hissa meg opp.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Videoen blei fjerna frå Youtube-kontoen til Folketinget tysdag morgon. Men du kan likevel sjå videoen under:

Kva synest du om videoen? Trur du han vil få fleire til å stemma?