Papegøyeparadigmet

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Papegøye- paradigmet

Så snart det bikkar over påske, står det glefsande djeveldyret der og ventar på meg og alle andre bleike, angstridne studentar som er slegne av den eksamensrelaterte sesongnevrosen som breier seg som pollen når våren kjem til jorda.

Eksamen kjem tidleg i år for meg, fordi den siste delen av semesteret blir avbroten av ein praksisperiode. Eg har nytta påskefreden til å finstudere kompetansekrav og rørt varsamt i overflaten av pensum med smått nervøse fingrar. Eg skal ikkje skryte på meg naglebiting og nervøse anfall i påvente av eksamensdagen, men ein og annan uroleg tanke slår nok rot i hugen likevel. Uansett om ein har lese jamt og trutt på pensum gjennom heile semesteret eller nøyer seg med å stormlese natta før eksamensdagen, fører eksamen alltid med seg ein viss grad av nervøsitet og usikkerheit.

Personleg trur eg det har noko å gjere med at eksamen er ein enkeltståande kontrollsjekk på kor mykje av pensum du har absorbert i løpet av semesteret som har gått. For ikkje å nemne at det er ein test av om du i det heile kan nok til at du fortener å ha ein nokolunde akseptabel studieprogresjon. Og klarar du å ta eksamenane dine i tide og fullføre graden din på normert tid, då kan både du og utdanningsinstitusjonen du går ved vere glad og fornøgd. Du har fått ei konkurransedyktig og variert utdanning, medan instituttet du gjekk ved får nye midlar til framifrå forsking. Ideelt sett er altså dagens finansieringsmodell ein lukkeleg halvsirkel som tener alle partar i båe ender. Men i kjølvatnet av utdanningseksplosjon og masseuniversitet er idealet så langt frå sanninga. Dagens heterogene studentmasse har medført at ein snarare går i sirkel rundt skattekista i enden av regnbogen. All statistikk syner at studieprogresjonen blant mange studentar er for låg, og for berre to år sidan kasta UiO ut nærast 5000 studentar fordi dei ikkje hadde ein studieprogresjon pålydande tredve studiepoeng i året. Resultatet er at utdanningsinstitusjonane misser sårt tiltrengte midlar, medan mange studentar ikkje får fullført utdanninga si. I nokre tilfelle, som ved den utdanninga eg går på, er konsekvensen at ein tek inn langt fleire studentar enn ein har lov til, fordi ein veit at fråfallet er så høgt at det jamnar seg ut likevel.

Men denne finansieringsmodellen er berre ein liten del av eit større problem. I høgare utdanning herskar det ei paradoksal tru på at ein kan måle, rekne ut og føre statistikk over alt som går føre seg i universitets- og høgskolesektoren. New Public Management har innhenta norsk akademia, og resultatet er at alt som finst av utdanningsinstitusjonar i Noreg har blitt tvangsfôra med ein feit administrasjon kvar det finst tallause ekspertar innan økonomi, marknadsføring og rådgjeving. For eit par månader sidan blei til dømes den nasjonale studentundersøkinga studiebarometeret offentleggjort. Studiebarometeret gjev eit studium poeng på ein skala frå ein til fem på alt frå yrkesrelevans til studiemiljø. Som om ikkje det var nok blir det stilt ei rad enkeltspørsmål, og til sist blir også tida kvar enkelt i gjennomsnitt brukar på å lese og studere målt. Viss ein ser det frå utsida kan ei slik gjennomsnittsmåling og nitidig statistikkføring framstå som sympatisk nok. Men her gjeld det å ta på seg dei kritiske brillene, for kva er eigentleg motivet bak ei slik måling av kor mykje tid ein student i gjennomsnitt brukar på å studere? Slik eg ser det impliserer ei slik måling at studenten sin kvalitet blir avgjort ut frå kor mykje tid han brukar på å lese pensum. Det er altså pensumryttaren som er det nye idealet i norsk akademia. Han som støver ned i lesesalane og stenger seg inne på hybelen under leselampa. Han som har markert i alle kompendia med tre forskjellige fargar og aldri har gått glipp av ei forelesing. Men kva er det ein oppnår ved å drive på slik? Sikkert gode karakterar, fortreffelege karrieremoglegheiter og ei lys framtid. Min påstand er likevel at det i desse tilfella ofte er snakk om papegøyekunnskap. Dei kan gjengi kunnskap på ein riktig og korrekt måte. Men kunnskapen er rå. Dei har ikkje tygd eller fordøyd den. Og ureflektert kunnskap som berre blir gulpa opp når omgjevnadene krev det, har ingen verdi. Trass i at eg ikkje skal skryte på meg korkje dårlege karakterar eller slett studieprogresjon, har eg lært meir i baren på Chateau Neuf enn eg har av forelesingar og fagtekstar skrive på akademisk mandarinspråk.

Det er sjølvsagt ei unyansert utsegn eg kjem med, men det er ein alvorleg kjerne av sanning i det likevel. Det er merkeleg at norske akademikarar er usikker på kva danningsomgrepet tyder i dag, når dei samstundes kan tolerere tilhøve som arbeider mot ei kvar form for danning av unge menneske. Om ein blir danna av å sitje på barstolar og føre intellektuelle diskusjonar til langt på natt, veit eg ikkje, men ein skal ikkje gløyme at den intellektuelle soga i moderne norsk tid byrja med eit par forfylla københavnstudentar som møttest i madam Juels Kaffehus i Læderstræde for å diskutere, drikke og synge. Ein kan berre undre seg over kor gale det ville gått dersom dei hadde vore av det slaget som sat på studentkvisten og gjorde seg lutrygga av tung «lærdom». Endå merkelegare er denne utviklinga i høgare utdanning, når ein veit at dei fleste lærestader her i landet har som uttalt målsetning å utvikle kritiske samfunnsborgarar som er i stand til å bedrive den edle kunsten det er å tenkje sjølv. Men kritisk tenking er ikkje noko som berre oppstår i lesing av bøker og i det å forholde seg til tekstar. Det er noko som òg avhenger av å møte andre menneske med annan bakgrunn enn deg sjølv, med andre meiningar og røynsler i livet. Eit slikt kraftfullt møte med den andre utfordrar eigne sanningar og synspunkt, og tvingar fram ein kritisk omgang til dei standpunkta ein held i hevd. Aller minst trur eg utvikling av kritisk tenking handlar om kor mange timar du sit på campus før du stemplar ut. Det er ikkje noko som oppstår dersom ein berre bruker så så mange timar på å lese kompendietekstar som er usamde med kvarandre. Det er sannsynlegvis ein langt meir komplisert prosess som krev engasjement, interesse og forandringsvilje hjå studenten.

Det som provoserer meg mest med studiebarometeret er likevel at ein ikkje tek høgde for alle dei ulike fagtradisjonane som finst innan akademia i dag. Mitt fag, bibliotek- og informasjonsvitskap, dreg til dømes veksel på mange fagdisiplinar. Eitt av dei er den humanistiske fagtradisjonen. For meg blir det merkeleg når ein skal freiste å talfeste kor mykje tid den enkelte studenten nyttar på å lese pensum, når ein veit at det som er relevant stoff frå eit humanistisk perspektiv kan vere så mangt. No har ikkje eg delteke i denne undersøkinga, men dersom eg hadde fått eit spørsmål om kor mykje pensum eg les i løpet av ei veke, hadde eg meint det var uråd å svare på. For det fyrste famnar den humanistiske arven såpass breitt at det er mykje av det eg les og studerer på hobbybasis som kan vere relevant og nyttig med tanke på kva eg studerer. For det andre er det mykje av det eg driv med på fritida som kan kome godt med når eg ein dag er ferdig å studere, og til dømes byrjar å arbeide på eit folkebibliotek. Eg ville ikkje kalla noko av dette for pensum, eller påstått at det eg les og diskuterer på fritida kan erstatte pensumlitteratur, men det betyr ikkje at eit slikt frihandspensum er irrelevant for meg som student og seinare profesjonsutøvar.

Ein må ha som ambisjon å utvikle heile mennesket. Eg er redd for at måleiveren, reknestykkja og kalkylane som byråkratane kverner røynda gjennom, fører til eit samfunn der sanninga ligg i tala bak likskapsteiknet. Det er litt som når eg sat på flyet på veg heim i påska. Der og da blir eg medviten om at eg sit fleire tusen meter oppe i lufta inni ei aluminiumskiste, og bak spakane sit ei høgt utvikla sjimpanse og held livet mitt i sine hender.  I ein slik situasjon må ein rasjonalisere for å halde frykta på avstand. Ein fortel seg sjølv at statistikken syner at det er veldig trygt å fly samanlikna med å køyre bil. Men kor mange statistikkar har døydd i ein flystyrt? Når eg sit i flyet må eg likevel godta tala sin logikk for ikkje å drite i buksa på 2000 meters høgd. Det er noko liknande som uroar meg med ønsket om å måle og føre tal og statistikk på alt som går føre seg i høgare utdanning. Over tid blir det rimeleg at alt skal målast, rasjonaliserast og multipliserast i eit effektiviseringsreknestykkje. Talet på timar studenten nyttar til å lese pensum blir dimed kvalitetsmerket i norsk akademia. Ikkje at han driv på som skribent, er aktiv i organisasjonslivet eller les Shakespeare i sofakroken. Og kva skjer då med den kritiske tenkinga, kva skjer med danninga og den intellektuelle kreativiteten til studenten? Har han ikkje også utbyte å lese surrealistisk poesi, sonettar frå renessansen eller drive med amatørteater eller studentaktivisme, som han har av å lese pensum? Og kan ein verkeleg kvantifisere kunnskap slik det blir lagt opp til under dagens regime?

Problemet med alt som er av målingstendensar innan akademia i dag, det vere seg tellekantsystem, studiebarometer eller merkelege finansieringsmodellar, er at dei premierer kvantitet over kvalitet. Når ein byrjar å måle talet på timar studenten nyttar på pensum i løpet av ei veke, er det ein liknande reduksjonisme me står overfor. Ein får ikkje med seg den fullnaden av intellektuell verksemd som mange studentar driv på med i det daglege. Og ein får heller ikkje med seg at det finst mange vegar til kunnskap og kritisk tenking. Dessutan har det i stadig aukande grad blitt slik at ei taltenking rår grunnen i høgare utdanning. Intellektualitet og kritisk tenking heng òg saman med kreativitet og fantasi, og når norske utdanningsinstitusjonar blir meir og meir opptekne av å måle og rasjonalisere, er det ikkje utenkjeleg at ein slik tankegang vil påverke studentane institusjonen utdannar, slik at me ein dag utdannar dyktige talknusarar og rasjonalistar, men ikkje lenger kan utfordre oss sjølve kritisk og intellektuelt. Resultatet vil bli eit dystopisk papegøyeparadigme.

Først publisert på Magasinett.