Eg skal fortelje om då nynorskbobla mi sprakk.

Stortinget har nettopp vedteke den nynorske versjonen av Grunnlova med overveldande fleirtal. Og ein utdatert riksmålsversjon, som Framtida skriv. Eg kjenner meg oppriktig glad på nynorsken sine vegne, og det hadde eg heilt ærleg ikkje trudd eg skulle få lov til i løpet av denne fireårsperioden.

Det er verdt å feire at Grunnlova endeleg er enklare å forstå – og til og med er den enklare på nynorsk enn på bokmål. Tenk at det på nynorsk heiter at “Ytringsfridom skal det vere”, medan bokmålsbrukarane må nøye seg med den vagare “Ytringsfrihet bør finne sted”.

På ein dag der emneknaggen #nynorskgrunnlov herjar i twittersfæren, skal eg fortelje om då nynorskbobla mi sprakk. 


Utanfor nynorskbobla

Skrive for NRK Nynorsk Mediesenter 

Eg har alltid sveva bekymringslaust rundt i ei nynorskboble. Den sprakk i januar i år, då eg byrja i ny jobb. Her er ein rapport frå det verkelege livet som nynorskbrukar i ein bokmålsbastion.

Eg er fødd og oppvaksen trygt innsvøpt i omgivnader der nynorsk er det mest naturlege som fins, i Ørsta der nynorsken også vart fødd.

På barne- og ungdomsskulen var sjølvsagt lærebøkene på nynorsk, stilane blei skrivne på nynorsk, helsingane elevane skreiv i minnebøkene til kvarandre var på nynorsk.

Bokmål var noko dei brukte i ei heilt anna verd langt, langt borte, i den verda der dei laga TV, reklamer og teikneseriar. I den «ekte» verda, heime blant fjordar og fjell og Ivar Aasen-effektar, var nynorsk det naturlege.

På Volda vidaregåande demonstrerte vi og organiserte underskriftskampanjar dersom det dukka opp lærebøker på bokmål. Vi hadde då vitterleg krav på lærebøker på nynorsk, noko anna var uhøyrt. I løpet av desse åra gjekk det sakte men sikkert opp ein skremande røyndom for meg. Nokon der ute, utanfor bobla mi, hata språket mitt og ville utrydde det.

Språkleg trygt studentliv
Høgskulen i Volda var også ein nynorskbastion. Som bastionar har ein tendens til, var den tidvis under åtak. Kvart år strøymde det til nye studentar frå stader der nynorsk ikkje var noko anna enn eit skulefag dei hadde hata, som politikarane hadde lært dei at var greit å hate, og som dei eigentleg ikkje trong i det verkelege livet. Ved kvar skulestart i Volda var det alltid nokon som protesterte på at dei plutseleg måtte forhalde seg til det. Dei trudde det hjalp.

Etter ei stund gjekk det nok opp for nokon at nynorsk var meir enn eit fag og at det eigentleg var ganske kunnskaps- og historielaust å vere motstandar av eit språk. Plutseleg trong dei det, og alt dei hadde lært av oppgidde norsklærarar og blåfarga politikarar var bevist feil. For andre var det ikkje anna å gjere enn å resignere og akseptere, det var berre slik det var her på bygda. Andre igjen pakka sakene sine og flytta.

Språkvugga NRK
Så hamna eg i NRK. NRK Nynorsk Mediesenter i Førde er kanskje den sterkaste nynorskbobla eg har vore i. Av ressurssterke personar eg ser opp til blei eg forsikra om at nynorsk er viktig, det er mitt bruksspråk som andre berre må finne seg i å lese dersom dei vil få med seg alt det viktige eg skal formidle som journalist.

I to år som NRK-journalist i Oslo var eg i eit miljø der nynorsk var naturleg, eg var omringa av språksterke formidlarar som var opptekne av at ein skal få uttrykke seg på sitt naturlege mål.

At språkmangfald var viktig.

At ein stor del av dei som slengjer dritt om nynorsk ofte berre er kunnskapslause, trongsynte menneske som hadde dårlege lærarar på ungdomsskulen og som treng noko å hate.

Eg måtte no stille meg i forsvarsposisjon oftare enn før, fordi nynorskmotstanden breidde seg som ei svart sky rundt bobla mi, og var meir trugande enn nokon gong.

Frå denne mørke, grumsete skya sende dei sinte e-postar og skreiv i kommentarfelta under sakene mine. Dei ringte for å lufte sin enorme frustrasjon over “grautmål” i rikspressa og ba meg i både pene og mindre pene ordelag å byrje å skrive «vanleg norsk» i staden.

«Nosk» som nokre av dei kallar det.

Men, i den grad ei boble kan rakne, så rakna den og forsvann ute av syne først då eg kjøpte meg månadskort på flytoget og byrja som informasjonskonsulent på Oslo Lufthavn.

På Noregs hovudflyplass er eg den einaste som nyttar nynorsk i det daglege, i alle fall av dei som skal formidle informasjon. Eg har ein sjef, ein sjef over der igjen og ei avdeling som støttar meg, og som syns det er stas og flott og sjølvsagt at eg skriv nynorsk.

Dei kunne ha nekta meg språket mitt
Då eg søkte på jobben var eg usikker på kva eg kunne forvente, eg kunne jo risikere å hamne på ein arbeidsplass der eg blei nekta å skrive nynorsk. Heldigvis kom det ikkje på tale å språkdiskriminere meg.

Dei ønskte mangfald, og dei ønskte meg. Eg er eit språksterkt menneske som elskar å formidle og er flink til å røske opp i byråkratspråk og til å dekryptere teknisk språk. Men, til enkelte sin store frustrasjon skulle det vise seg, så er enderesultatet mitt, dei språklege produkta mine som eg er stolt av, oftast på nynorsk.

Det er 15 000 tilsette på min nye, digre og mangfaldige arbeidsplass. Nokre av dei har reagert på meg og språket mitt, og eg har opplevd at folk lurer på kven som har byrja å skrive sidemål på intranettet.

Nokre har sett det som sin rett å kontakte meg direkte og be meg regelrett om å bytte til bokmål. Nokre av reaksjonane kollegaene mine har fått, vil dei ikkje eingong fortelje meg om.

Naturleg med reaksjonar
Slike reaksjonar hadde komt på kva som helst slags arbeidsplass der ingen er vane med å bli eksponert for nynorsk i det daglege. På ein arbeidsplass med så mange tilsette at det representerer eit tverrsnitt av befolkinga i ein mellomstor by, hadde det vore rart om det ikkje var slik.

Det som slår meg, er at mange som reagerer faktisk er velmeinande. Mange er berre ikkje vande med å ha nynorsk rundt seg og føler difor for å seie frå til meg at det er greit for dei at eg er der, og at eg skriv det. Eg har snakka med fleire kollegaer som syns det er «flott med dialekt», at det er «eksotisk» og «artig» å lese nynorsk.

Merkverdig mange har følt trongen til å kome opp til meg og fortelje meg kor mykje dei hata nynorsk då dei gjekk på skule, men at dei syns det er heilt greit at eg brukar det likevel, at dei er så storsinna.

Stort sett solidariske bokmålsbrukarar
Eg har aldri vore så langt unna ei nynorskboble som eg er no. Dei er ikkje mitt vante nynorskmiljø, men kollegaene mine og sjefane mine – og dei aller fleste andre her på Oslo Lufthavn, er ressurssterke, kunnskapsrike og solidariske bokmålsbrukarar. Dei kunne ha valgt å nekte meg å bruke nynorsk, i staden får motstandarane svar på tiltale og blir respektfullt bedne om å gå i seg sjølve og akseptere at ein nynorskbrukar har slått rot i bokmålsbobla deira.

Eg kunne ha valgt å gi opp og la motstandarane få sleppe å lese nynorsk, men kven hadde det eigentleg gagna? Ikkje meg, ikkje språket mitt, ikkje motstandarane. Dei treng nemleg litt motstand syns eg.

Som ein soldat i nynorskkampen kunne eg eigentleg ikkje vore i ein betre posisjon. Eg skyt med nynorskkanon mot ein bokmålsbastion kvar dag, og eg får fleire menneske enn nokon gong til å forholde seg til språket mitt. Kvar epost, artikkel eller rapport eg skriv er ein liten siger for nynorsken.

Dersom berre ein liten brøkdel av dei 15 000 tilsette på Oslo Lufthavn går heim til ungane sine som sit og slit med heimeleksa si, set seg ned og får dei til å skjøne nokre få ting, så skal eg vere nøgd.

Som til dømes at det ikkje gagnar nokon å sette seg på bakbeina og hate nynorsk.

At nynorsk faktisk ikkje er vanskeleg, at dei ein vakker dag kjem til å trenge å kunne både forstå og bruke det. At nynorskbrukarar ofte er greie folk som berre ønskar å formidle noko til deg.

Dette innlegget er henta frå bloggen Susmumrik.com, med løyve frå forfattaren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE