Éin av tre selde øl til mindreårige

151 av 430 butikkar selde alkohol til mindreårige, ifølgje skjenkekontrollen til Juvente. – Helseministeren må rydda opp, meiner Juvente-leiaren.             

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Helseminister Bent Høie har foreslått å skjerpa skjenkekontrollen i kommunane. Det vil redusere sal av alkohol til mindreårige betrakteleg, seier Kristoffer Holm, leiar i Juvente.

Juvente har i sju år undersøkt om daglegvarebransjen sel alkohol til mindreårige. Kontrollane har dei siste åra berre vist ei svak betring, og organisasjonen er langt frå nøgd. I 2013 vart 430 butikkar testa, 151 av desse selde til dei mindreårige kontrollørane.

Holm er ikkje overraska over resultatet.

– Tala overraskar ikkje. Dette er om lag like dårleg som i fjor. Butikkane er ikkje flinke nok til å sjekka legitimasjon, seier han.

Han meiner vi ikkje kan vera nøgd med at 35 prosent bryt lova, og aller minst når det gjeld alkohol og mindreårige.

– No må regjeringa gjera noko. Lovendringa som er føreslått er viktig, og må gjennomførast, held Juventeleiaren fram.

LES OGSÅ: Slutt på fyll etter  portforbod

Vinmonopolet er beste

Vinmonopolet gjer det enno best i Juvente sine kontrollar. Pola har, ifølgje Juvente, konsekvent vore ein av dei aller beste på å sjekka legitimasjon. I 2013 vart Vinmonopolet testa 15 gonger og selde ikkje i nokre av tilfella.

– Dette er bra, og er openbert ingen tilfeldighet. Dei har vore blant dei overlege beste meir eller mindre kvart år. Pola jobbar heile tida med å betre rutinane sine på alderskontroll og dette gjev seg uttrykk i resultata. I 2012 testa vi 21 gonger og pola selde ein gong. Daglegvarekjedene har mykje å læra av Vinmonopolet når det kjem til å spørja om legitimasjon, seier Holm.

LES OGSÅ: Ingen ølflasker russetida

Realistiske kontrollar

Ved kontrollane går ein mindreårig inn i butikken, tek med seg alkoholholdig drikke og ein annan daglegvare, og stiller seg i kø for å betala ved kassa.

– Ungdomane har ikkje prøvd å framstå som eldre. Dei har korkje kledd seg ut, endra på utsjånaden, rasla med bilnøklar eller prøvd å kjøpa ting som vaksne kjøper, til dømes bleier eller liknande, seier Holm.

Faktaboks

Slik skjedde kontrollane:

Viss kontrollørane blir spurde om legitimasjon, svarar dei «Nei, det har eg ikkje. Kan eg få kjøpa likevel?». Får dei eit ja, betalar dei for varene og forsøket registrerast som «sal». Får dei eit nei, forlèt dei butikken og forsøket vert registrert som «ikkje sal». Juvente-kontrollørane lyg ikkje på alderen og brukar aldri falsk legitimasjon. Kontrollane er med andre ord ein test på eigne rutinane til butikkane, utan bruk av triks og manipulasjon.

Frå 2010 har delen butikkar som selde gått ned frå 48 prosent til 43 prosent i 2011 og 36 prosent i 2012.

I 2013 gjorde Juvente 873 forsøk og det vart selt alkohol til mindreårige i 207 av desse forsøka. I snitt er kvar butikk testa 2,03 gonger (nokon fleire, nokon færre).

For meir informasjon om kampanjen og fullstendig oversyn og rapport, sjå skjenkekontrollen.no