Skaper ljos framtid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Året er 2001, og Kristin Hestmann Vinjerui frå Rauland er nettopp ferdig med tredje året på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Ho var leselei, og usikker på kva ho skulle bruke det neste året til.

– Eg hadde lyst til å reise ut i verda og drive friviljug arbeid. På den måten kom eg i kontakt med Atlantis, ei stifting som har spesialisert seg på utvekslingsprogram for ungdom og vaksne, seier Vinjerui.

VTB møter ho og ektemannen Lars Mølgaard Saxhaug då dei vitjar Vest-Telemark vidaregåande skule (VTVG) før påske. Dei har teke turen for å fortelje om prosjektet i Ghana.

Ikkje heilt etter planen
– Lysten på friviljug arbeid sendte meg til Ghana. Det er eit land eg kjente litt til gjennom nokre vener av familien. Meininga var at eg skulle vere engelsklærar på ein barneskule ein eller annan stad i Ghana, smiler Vinjerui.

Ho fekk beskjed om at dei aller fleste snakka engelsk i Ghana, så det språkmessige skulle vere problemfritt. Då ho kom til Ghana i byrjinga av august i 2001, blei ho køyrd på landsbygda der ho skilte seg tydeleg ut blant befolkninga.

– Eg var den einaste kvite i mils omkrins, og eg følte meg veldig annleis. Då me kom fram der eg skulle arbeide, viste det seg at eg skulle arbeide i barnehage, og at berre eit par av dei tilsette i barnehagen snakka engelsk, hugsar ho.

Både språk og arbeidsstad var litt annleis enn ho hadde blitt førespegla, men ho såg likevelt ljost på utfordringane.

Tok ansvar
Fleire stader stod det halvferdige bygningar, og eitt av dei kunne blitt ein flott barnehage. Om det berre blei gjort noko med.

– Bygget var utan tak og golv, seier ho.

Vinjerui fekk med seg at befolkninga i landsbyen Ajumako Techima, Central Region, snakka mykje om at dei skulle få ny barnehage. I alle fall var det slik ho oppfatta det.

– Det viste seg at dei ynskte seg ny barnehage, ikkje at det var bestemt at dei skulle byggje. Dersom eg ville ta ansvar for å kome i gang med bygginga, skulle eldrerådet i landsbyen stø meg, forklarer Vinjerui.

Sterke band til VTVG
Det var då ho fekk ideen om å kontakte sin tidlegare skule på Dalen for å be om hjelp.

– Etter å ha tenkt meg om sa eg ja til å setje i gang bygginga. Eg kontakta den vidaregåande skulen for å høyre om Operasjon Dagsverk (OD) kunne vere eit bidrag til prosjektet i Ghana, fortel ho.

OD er eit prosjekt der elevane arbeider ein dag, og inntektene går til eit godt føremål. Leiinga ved skulen på Dalen var svært positive til ideen, og pengar blei sendt til Afrika.

– Det gjorde at me kunne setje i gang, og det halvferdige bygget fekk både tak og golv. Då kunne me ta det i bruk, og etter kvart har det kome til både vatn, toalett og septiktank, seier Vinjerui.

Toves kitchen og Vest-Telemark block
Etter at Vinjerui reiste heim i desember 2001, har ho vore tilbake i kortare periodar i 2004, 2007 og no sist i joli 2013.

– Den vidaregåande skulen på Dalen har vore med på å mogleggjere prosjektet. Pengar frå OD tre gonger tidleg på 2000-talet gjorde at me fekk ein god start. I tillegg fekk me pengegåve frå skulen slik at me kunne bygge eit kjøkken i barnehagen. Det har fått namnet Toves kitchen, smiler Vinjerui og nikkar mot dagens rektor ved VTVG, Tove Palmork Haavelmoen.

– Det var viktig å ta bygget i bruk slik at barna var samla på ein stad. Det er elles vanleg at barna går mykje på spæken. I tillegg ynskte me å sikre barna minst eitt skikkeleg måltid kvar dag, legg ho til.

Ein annan del av barnehagen har fått namnet Vest-Telemark block.

Steg for steg skjer det noko
Det har vore eit langvarig prosjekt å gjere barnehagen best mogleg. Med innsamla midlar har det gått steg for steg. No er ein matsal under bygging i tilknyting til det eksisterande bygget. I dag er det ein stad mellom 80 og 100 barn i barnehagen.

– I joli var mannen min og eg ti dagar i landsbyen. Det er moro å sjå at prosjektet gjev barna ei framtid, og at det sporar dei til å gå vidare på skular. Kanskje kan eit utdanningsfond vere noko å vurdere framover, meiner Vinjerui.

Barnehagen har tilsett fire lærarar som alle har kursa seg opp. I tillegg arbeider ein kokk og ein reinhaldar i barnehagen.

Samarbeidet held fram
Vinjerui har med seg mange bilete frå turen i joli. Ho meiner det er viktig å vise kva pengane frå OD har gått til. Det ho ikkje veit, er at elevrådet ved den vidaregåande skulen har bestemt at vårens OD også skal bidra med pengar til prosjektet.

– Me ynskjer at inntektene frå vårens OD, som er 2. mai, skal gå til barnehageprosjektet i Ghana. No håpar me at bedrifter i nærleiken vil ta imot oss og la oss tene godt denne dagen. Me ynskjer at prosjektet ditt skal kome eit steg vidare, seier elevrådsmedlemene Jeanett Berge, Marthe Bjåen, Sølve Brekke, André Dale og Kristian Skolås.

– Det set eg stor pris på, og då blir det anten å gjere ferdig matsalen eller å setje opp eit tilbygg til dei aller yngste barna i barnehagen, takkar Vinjerui.

– Elevrådet bestemte seg for prosjektet ditt, og den gode innsatsen din gjer heilt sikkert til at folk i Vest-Telemark stør det vidare arbeidet, smiler rektor Haavelmoen.

– Eg gler meg til å fortelje at me kan halde fram. Det forpliktar sjølvsagt, men eg har blitt knytt til folket og staden. Utfordringar på vegen har det vore, men eit godt samarbeid med eldrerådet i landsbyen gjer at me skal kome vidare, seier Vinjerui fornøgd.

Eldrerådet er opptekne av kva Vinjerui kan bidra med, og dei er opptekne av kva dei sjølve kan bidra med. På mange måtar kan det seiast å vere eit spleiselag. Barnehagen heiter Bright Future Preparatory School. Ljos framtid barnehage blir vel den næraste norske oversetjinga.

Høvding i framandland
Både Vinjerui og mannen er legar og dei arbeider høvesvis ved St. Olavs hospital i Trondheim og Levanger sjukehus.

– Det var moro å vere med til Ghana i joli, og det gav meg eit godt innblikk i arbeidet Kristin har gjort der nede. Samstundes sa det også noko om utfordringane, seier Saxhaug.

At Vinjerui har ei høg stjerne i landsbyen er det ingen tvil om. Ho fekk nemleg høvdingtittel då ho var der i 2004. Nana yaaya Kristin.

– Nana betyr høvding og yaaya betyr den som er fødd på ein torsdag, forklarer ho.

Les saka i Vest-Telemark Blad!