Nynorsk sigra i Holet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den rådgjevande språkrøystinga etterlét ingen tvil:

124 stemte for nynorsk medan bokmål fekk 58 røyster. 182 personar av 595 røysteføre gav sin stemme i løpet av dei tre dagane stemmelokala var opne. Valdeltakinga var med andre ord særs dårleg.

Glede i mållaget
– Dette er ein gledens dag for oss. Det er verkeleg flott, seier leiar i Hol mållag, Turi Sæland.

For andre gong på ni år måtte dei mobilisere målrørsla i bygda for å berge den siste nynorskskulen.

– Det er klart me har prøvd å mobilisere, så klart har me det. Eg synest dei lesarbreva som har stått på trykk i Hallingdølen har fått fram våre synspunkt godt, seier Sæland.

Ho er også glad for at overvekta var stor for nynorsk.

– Eg er glad me framleis skal ha nynorsk i Holet. Fleirtalet er klart, og no reknar eg med at dette blir tatt til følgje i kommunestyret.

– Fleirtalet bestemmer
Det klare fleirtalet respekterer også Kolbjørn Bakken i aksjonsgruppa for bokmål.

– Det var ein grunn til at me ville sette i gang denne prosessen, men fleirtalet bestemmer. Det respekterer me, seier Bakken.

Den rådgjevande avrøystinga måndag kom som ein følge av underskriftskampanjen Bakken og aksjonsgruppa sette i gang i fjor haust. Dei fekk langt fleire enn dei 145 underskriftene som var kravet for å kunne krevje ei språkrøysting. Likevel: Med berre 58 røyster for bokmål er det mange som ikkje følgde opp.

– Me har nok ikkje nådd fram til nok av dei. Men dette er frivillig, me kan ikkje hente folk til stemmelokala heller, seier Bakken.

Både Bakken og Sæland er overraska over den låg valdeltakinga. Berre noko over 30 prosent er direkte svakt.

– Me hadde nok forventa meir, seier dei.

Les saka i Hallingdølen!