Her er Norges yngste professor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke var han Noregs yngste førsteamanuensis, og tidenes yngste vinnar av den prestisjetunge nordiske forskingsprisen Nils Klim. Han fekk også nyleg Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs pris til yngre forskarar.

Terje Lohndal er no Noregs yngste professor, skriv NTNU i ei pressemelding.

I same liga som Arne Næss
Lohndal prøver å finne grunnsteinane i språket, og forsøker å sjå annleis på korleis språket er bygd opp. Han vert omtala som lingvistikkens Mozart, og mottek ifølgje NTNU prisar fordi arbeidet hans innehar ei unik djupne, originalitet og spennvidde.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velje utdanning

No er Lohndal i godt selskap med filosofen Arne Næss, som vart professor då han var 27-åring. Lohndal sjølv hadde ikkje trudd han skulle bli professor så tidleg.

– Det var nokre kollegar som meinte at eg burde søke fordi eg har så mange publiserte artiklar. Dei var overraska over at eg ikkje var professor allereie. Så då søkte eg, seier Lohndal i pressemeldinga.

Leste heile pensum før studiestart
Lohndal har ifølgje NTNU ei kronisk evne til å vere i forkant. Allereie som 21-åring publiserte han sin første artikkel. Då han byrja på bachelorstudiet hadde han lese heile pensum, og han tok kurs for doktorgradsstipendiatar medan han tok bachelor. Under mastergradsstudiet uttala professoren ved Universitetet i Oslo at det ikkje var nokon i Noreg som hadde noko meir å lære Lohndal.

Då pakka den unge professoren sekken, og drog til USA for å ta doktorgrad. Fleire universitet i USA konkurrete om å tilsetje Lohndal, men han sakna heimlandet og den norske maten. For kring to år sidan tok han til i ei stilling ved NTNU.

LES OGSÅ: Etnisk kapital viktigare enn klasse

– Eg var tidleg ein bokorm, og leste alt eg kom over av Anne Cath. Vestly og om Hardygutane. Det var først då eg fekk karakterar på skulen at eg for alvor byrja å arbeide hardt med leksene. Det var kjekt å sjå kor god eg kunne bli, seier han.

Lohndal fekk toppkarakterar og kunne velje og vrake. Han følgde magekjensla og lidenskapen, og valde å studere språk.

– Eg er veldig stolt over at Terje er ein av våre forskarar, og eg er imponert over at han er så ambisiøs. Han har følgt sin eigen veg, og er eit førebilete for andre, både som forskar, formidlar og førelesar, seier rektor ved NTNU, Gunnar Bovim.

Toppidrettsutøvar
No er Lohndal ein del av det nye Stjerneprogrammet ved NTNU, der 17 unge og svært lovande forskarar får pengar og hjelp til å bli endå betre. Om to veker skal han og fleire av stjerneforskarane delta på ei samling med toppidrettsutøvarar frå Olympiatoppen. Saman med mellom andre Aksel Lund Svindal skal den unge professoren lære om restitusjon.

– Det treng eg å lære meir om. Det er kanskje uvanleg å tenke på forskarar som toppidrettsutøvarar, og eg er takksam for at NTNU gjer det. Eg kan arbeide veldig mykje, og under doktogradsarbeidet mitt sov eg berre fire timar kvar natt i to år. Til slutt vart eg sjuk av det. No arbeider eg litt mindre, seier han.

Og med litt mindre meiner han at han søv om natta. Og et, joggar og høgg ved.

– Eg elskar å hogge ved. Då slappar eg av. No som eg har blitt professor kan eg kanskje arbeide litt mindre. Kanskje eg ikkje skal arbeide om kveldane lenger. Men berre kanskje, seier Lohndal.

LES OGSÅ: Prisa for roman om taterjente