– For få politifolk med innvandrarbakgrunn
Ein større del politifolk med minoritetsbakgrunn kan gi auka tillit til styresmaktene, håper Politihøgskolen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kan gi auka tillit til politiet
Politihøgskolen meiner det er for få politifolk her i landet med innvandrarbakgrunn. Målet for skulen er at 5 prosent av alle som søkjer opptak, har minoritetsbakgrunn.
Delen søkjarar med minoritetsbakgrunn frå søkjarrunden i år er ikkje klar enno. Men for perioden mellom 2009 og 2013 har delen lege på 2,4-4,2 prosent.
I Oslo har nesten 30 prosent av befolkninga innvandrarbakgrunn. Målet til Politihøgskolen er å spegle samansetninga av folket i landet betre, og skulen ser for seg ein søkjardel på 5 prosent, skriv Dagsavisen.
For å få til dette, vil Politihøgskolen nytte Sosialistisk Venstreparti-politikar Akhtar Chaudhry.
– Vi ønskjer å nytte engasjementet hans, innsats over mange år og kontaktnettverket han har. Vi er eit opnare land enn før, med ei anna samansetning, og det må politiet ta inn over seg, seier leiar for kommunikasjonsenheten ved Politihøgskolen, Runar Kvernen.
Ein større del politifolk med minoritetsbakgrunn kan gi auka tillit til styresmaktene, håper skulen.
– Konkrete døme der etnisk minoritetsbakgrunn er ein styrke kan vere i samtalar med ungdom på gata eller på skular. Vi trur vi når lettare fram om politiet har same bakgrunn som dei dei møter, seier Kvernen. (©NPK)