Vil ha karakterfri ungdomsskule

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk skule er prega av eit test- og karakterregime. Det har aldri vore så mykje testar og prøvar, seier Magnus Weggesrud til Drammens Tidende. Han er politisk nestleiar i Senterungdommen i Buskerud, og medlem i sentralstyret nasjonalt. Seinare i vår er han ferdig utdanna lærar. Han håpar at det vil bli slutt på karakterar i ungdomsskulen.

Weggesrud viser til forsking av professor Ruth Butler som viser at karakterar åleine ikkje gir nokon læringsfremjande effekt. Ifølgje forskinga hennar forsvinn effekten av tilbakemeldinga når ein gir karakterar og tilbakemelding samtidig. Elevar som berre får skriftleg tilbakemelding, scorar i snitt 30 prosent betre neste gong.

– Dette et radikalt forslag, vedgår Magnus Weggesrud over Drammens Tidende. Likevel håpar han på støtte sentralt i Senterungdommen på landsstyremøtet deira om to helger, og deretter i Senterpartiet.

LES OGSÅ: Elevar med dårlege karakterar mest mobba

– Urettferdig inntakt
I dag bestemmer karakterane frå ungdomsskulen kva vidaregåande opplæring elevane kjem inn på. Magnus Weggesrud seier til Framtida.no at han ønskjer seg eit nytt inntakssystem.

– Me meiner dagens system er urettferdig. Evnene til elevane, sosial bakgrunn og kulturell kapital er med på å bestemma karakterane meir enn innsatsen, seier Weggesrud.

– Viss me klarer å halda på den indre motivasjonen som elevane har til å læra, så vil færre elevar droppa ut frå vidaregåande. Då vil kostnaden ved å ha fleire klassar bli vegd opp, trur han.

LES OGSÅ: Elevar får karakterar i dataspeling

Motstand
Weggesrud har fått både støtte og motstand for forslaget sitt.

– Mange har vanskar for å sjå for seg korleis det kan gå føre seg i praksis, seier Weggesrud til Framtida.no.

I FpU møter forslaget om å fjerna karakterane motstand.

Både FpU og Unge Høgre vil heller ha karakterer frå 5. trinn på barneskulen i nokre fag.

– Det er urealistisk å fjerna karakterane på ungdomsskulen. Karakterar i grunnskulen er ei sunn tilvenning til vidare skulegang, seier formann Rikard Knutsen i Buskerud FpU til Drammens Tidende.

LES OGSÅ: Når karakterar er demotiverande

– Karakterar er ikkje tilbakemelding
Elevar frå heile Noreg vedtok på Elevtinget tidlegare i år at det er viktig å halda barneskulen karakterfri. Elevane er usamde i Regjeringas politikk med prøveprosjekt med karakterar i barneskulen.

Når det kjem til karakterar i ungdomsskule, meiner påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Benjamin Skiaker Myrstad at dette er så inngrodd at det er vanskeleg å fjerna. Han viser likevel til problem med karakterar:

– Eit negativt trekk er konkurransepreget. Eit anna problem er at mange lærarar som gir karakter, nedprioriterer vurdering og gjev ei vurdering som elevane ikkje lærer av.

– Karakterar er ikkje tilbakemelding. Elevane må ei tilbakemelding som viser forbetringspotensialet deira, seier Benjamin Skiaker Myrstad.

Elevorganisasjonen går inn for å erstatta dagens eksamensordning med mappeevaluering.

– Det vil betre spegla kompetansen til elevane, seier den påtroppande leiaren i Elevorganisasjonen.

Kva meiner du? Er det på tide å kutta ut karakterar i ungdomsskulen? Eller bør det også innførast i barneskulen?