EU-domstolen: DLD er ugyldig

EU-domstolen erklærer det omstridde datalagringsdirektivet for ugyldig.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Direktivet inneber eit svært omfattande og særleg alvorleg inngrep i den grunnleggjande retten til respekt for privatlivet og til vern av personopplysningar, meiner domstolen og viser til at dette inngrepet ikkje er avgrensa til det «strengt nødvendige.

Ein av generaladvokatane til domstolen har tidlegare slege fast at direktivet bryt med grunnleggjande rettar for borgarane. Reglane er meint å harmonisera reglane til EØS-landa for lagring av opplysningar til bruk i kampen mot organisert kriminalitet og terrorisme.

LES OGSÅ: Får drahjelp av Snowden-saka

Reglane skapte mykje debatt i Europa før det kom på plass i EU i 2006 i kjølvatnet av terrorangrep i både London og Madrid. Det har vore svært omstridd også i Noreg, der det ikkje er innført enno trass vedtak i Stortinget.

Direktivet er opphavleg klaga inn for retten i Irland og Austerrike, og saka er vist vidare til EU-domstolen for avgjerd. (©NPK)

Les fleire saker om overvaking og personvern her!

Faktaboks

Datalagringsdirektivet, av og til forkorta DLD, omhandlar lagring av trafikkdata. Opplysningane skal kunne nyttast til å kjempa mot kriminalitet og terrorisme. Direktivet er kritisert for å vera eit urimeleg inngrep i privatlivet.
Direktivet pålegg lagring av trafikkdata for e-post, ulike typar telefoni og internett-tilgang. Identitetar og tidspunkt for kommunikasjonen, og dessutan lokaliseringsdata for mobil kommunikasjon skal lagrast.
Minstetida for lagring er seks månader, maksimal lagringstid er to år.