mm

Undervisningsheftet Nynorsk på 1-2-3, eit nynorskkurs i teikneserieform, kjem denne veka i ny og utvida utgåve. Heftet er undervisningsmateriell som skuleklassar kan bestille frå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Ifølgje rådgjevar Arild Torvund Olsen passar det for folk heilt opp til universitetsnivå, fordi dei same feila gjerne heng igjen frå tidlegare skulegong.

LES OGSÅ: – Oi, hjelp sidemål!

Populært på Facebook
Arild Torvund Olsen har utvikla manuset saman med Ingrid Slettevoll. Dei hadde lyst å utnytta dialogformatet i teikneseriar, og fekk Kristoffer S. Mathisen til å illustrera heftet.

Den fyrste smakebiten, ei visualisering av skilnaden på «her har eg skrive» og «her har eg skrevet», spreidde raskt på Facebook. På kort tid hadde innlegget over 100 delingar og over 130 brukarar gav det den velkjente tommelen opp på Facebook.

Innlegget kan minne noko om dei populære kampanjebileta frå Bilder i kampen mot særskrivingsfeil, i teikneserieform. Humor er eit viktig stikkord.

– Du når betre fram og folk hugsar poenget, dersom humoren underbyggjer poenget og ikkje er klistra utanpå, meiner Olsen ved Nynorsksenteret.

Han er særs nøgd med Facebook-suksessen, og fortel at dette er noko dei vil gjere meir av.

For når rettskrivingsreglane vert presentert på humoristisk vis får fleire lyst å dele, og kunnskapen set seg i hjernebarken til fleire.

Det er til dømes forskjell på «den glade bodskap» om å verte lottomillionær og «den glade buskap», som er danseglade kyr på diskotek.

LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk

Meir nynorsk
I arbeidet med læremateriellet har dei sett på fellesfeil som går att både hjå nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar, som skriv nynorsk.

– Når me les nynorsktekstane til elevar og andre, ser me at det stort sett er nokre få feil som går att. Tanken bak Nynorsk på 1-2-3 er å nytte humor og visualisering for å hjelpe folk å styre unna desse vanlege nynorskfeila, fortel Olsen.

Han meiner at Facebook er godt eigna til å rette opp enkle feil på humoristisk vis, men eignar seg dårlegare til meir kompliserte rettskrivingsreglar. Det er lettast å formidla på papir.

Førre Nynorsk på 1-2-3 vart trykt opp i mellom 7000 og 8000 eksemplar, no vonar Olsen at enno fleire skuleklassar bestiller inn den nye utgåva.

Oppdatert: torsdag 13. april 2017 15.13

Kommentarar

ANNONSE