mm

– Politikarane likar jo ikkje å betale for ting.

Caroline Løvig (18) har forstått det. Saman med Danish Rama (19) driv ho selskapet Wind Power Tech.

I konkurranse med bedriftene Cleen Tech og Wind Solutions, skal dei lage eit forslag til ny vindmøllepark i Noreg, som politikarane vil satse på.

Undervegs må dei ta nokre val. Kvar skal vindparken liggje? På land i Østby, med 70.000 innbyggjarar, eller til havs utfor Vestby med 15.000 innbyggjarar.

Dei har bruksanvisning på vindmøllesetta, men må prøve seg ein del fram. Kva blad skal dei velje og kva vinkel skal dei monterast i?

Wind Power Tech byrjar med 40 graders vinkel og tek ein blåsetest framføre vifta. 0,9 millivolt. Men i Klimaspillet kallast det 0,9 megawatt, for spenninga si skuld.

LES OGSÅ: -Vanskeleg å få vindkraft til å løna seg

Kampen på land
Wind Power Tech er i full sving med å finne ut korleis vindmølleparken deira kan produsere mest mogleg energi – til ein lågast mogleg pris.

Sjølv om Caroline først ville satsa offshore, vann kollega Danish fram med ein vindmøllepark onshore.

– Offshore er dyrare og det er fleire folk som treng straum i Østby, argumenterer han.

– Det er same kor straumen lagast, peikar Caroline på, men gir seg.

No arbeider dei saman om ein vindmøllepark i Østby, sjølv om dei politiske vindane bles mot havet utanfor Vestby. Folk i vest er òg meir positive til ein vindpark.

LES OGSÅ: Nei til fleire vindmøller på land

Saka fortset under biletet.


Oskar Aas, ein av dei to skaparane av Kilmaspillet, forklarar elevane korleis ei vindmølle fungerer.

Suksess med studentbedrift
Klimaspillet er eit interaktivt rollespel tilpassa elevar i den vidaregåande skulen, som skal gje innsikt i korleis me alle er aktørar i det verkelege klimaspelet.

I bedriftene som utviklar vindmøller er elevane ingeniørar og økonomar.

Andre har rolla som politikarar eller presse, men i dag er deltakarane så få at pressa ikkje er til stades, med unnatak av Framtida.

Til sist skal avgjerda takast, om korleis ein skal sikre framtidas energi på ein bærekraftig og lønsam måte.

Ni elevar og ein lærar frå VG3 næringsøkonomi på Malakoff vidaregåande skule i Moss er på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås og speler Klimaspillet.

– Me har laga eit opplegg som me sjølv hadde likt då me gjekk på skulen, seier skapar Oskar Aas, som tykkjer det er synd dei ikkje hadde meir slikt på skulen.

Saman med medstudent Mattis Natvig Segerberg har han utvikla Klimaspillet, som dei no losar elevane gjennom.

LES OGSÅ: Statoil vil utvikle Europas største flytande vindpark

Vil engasjere unge
I 2012 meldte dei seg på ein innovasjonskonkurranse i regi av Tekna. Konkurransebidraga skulle vere innovative produkt som innehaldt idear til løysningar på dagens klimautfordringar. Klimaspelet stakk av med hovudpremien.

Etter dette har dei to studentane, som held på med ein bachelor i industriell økonomi, køyrt gjennom spelet om lag 15 gongar, med alt frå 8.klassingar til vaksne. Slik har dei lært ein del om norske elevar sine kunnskapar om klimautfordringane.

– Dei har gjerne høyrt at det er ei klimakrise, men dei har ikkje forstått det. Mange tenkjer nok at det ikkje er noko dei kan få gjort noko med, trur Oskar Aas.

Studentane vil ikkje kome med dommedagsprofetiar, men ynskjer å engasjere ungdom i klimaspørsmål.

Frå mai skal dei to ut på skuleturnè med Klimaspillet gjennom Klima og miljødepartementet. Då skal elevar ti skuleklassar i andre delar av landet få moglegheita til å lære meir om klimautfordringane. Kvar vegen går er enno ikkje avgjort.

LES OGSÅ: Vindmøller kan dempe orkanar

Saka fortset under biletet. 


Wind Power Tech prøver ulike vinklar på blada, då er ei gradskive eit nyttig verkty.

Politisk spel
I naborommet på Bioteknologibygningen sit lærar Vibeke Weibell Eliassen med tre elevar. Dei er politikarar i dei fiktive partia De revolusjonære, Det politiske partiet, Fremtidspartiet og Teknologipartiet.

– Asså, me meiner at menneskeskapte klimaendringar er overdrivne. Me treng meir kunnskap før me investerer i vindkraft, seier Martine Klock, som går rett inn i rolla som politikar i Det politiske partiet.

Maskene er på. Dei meiner det dei har lest i kvar sine utdelte partiprogram, men er frie til å justere noko.

De revolusjonære vil stanse all oljeutvinning no, og satse på vindkraft på land, sidan det er der teknologien er komen lengst.

Teknologipartiet har flest mandat og er klåre på at vindkraft til havs er framtida.

Læraren forsnakkar seg og kallar partiet sitt for Fremskrittspartiet. Fremtidspartiet vil verne om naturen på land av omsyn til mellom ann turisme.

Mattis Natvig Segerberg trur dei fleste elevane kjenner att haldningar frå parti som Frp, Høgre, Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne. Han forklarar at dei har valt fiktive parti for at ikkje elevane si meining om partia skal påverke spelet.

Ein naturleg måte å ta spelet vidare inn i undervisninga på, er å snakke om kva dei verkelege partia meiner.

LES OGSÅ: Grønt lys for 450 vindmøller

Billige vindmøller
Elevane som i dag er kasta inn i politikken tykkjer skulen har gitt dei god undervisning om klimaspørsmål, og legg vekt på at dei sjølv kan gjere små ting som å sykle framfor å køyre.

Både elevane og læraren tykkjer fleire bør få vere med på Klimaspillet.

– Det er ein morosam måte å få inn kunnskap på, tykkjer Kaja Schultz (19), som representerer Teknologipartiet.

Martine Klock ser fram til å kunne diskutere slike tema med vaksne, når ho no har fått meir innsikt.

Men alle elementa i Klimaspelet kan ikkje overførast til det verkelege liv.

Når elevane reknar ut prisen av ei vindmølle kjem minsteprisen på 5,1 millionar. Det er i minste laget for ei ekte mølle. Elektroelevar vil òg gjennomskode at vindmøllene ikkje produserer særleg mykje strøm når dei vert satt framfor ei lita vifte.

Store vindmøller er litt meir kraft i.

LES OGSÅ: – Ingeniørar må flyttast frå olje til vindkraft

Saka fortset under biletet. 


Cleen Tech fekk ein god start og hadde vind i mølla heile vegen.

Vinnar i vest
Likevel får elevane litt meir innsikt.

Det bles meir til havs enn til lands, difor får dei som vel offshore-løysningar setje vindstyrken høgare. Dei kan ha styrke to om dei har fastmontert i botnen, og tre om dei har møllene flytande lenger ute. Dette utstyret er dyrare.

Politikarane vert slept laus, og som forventa flokkar dei seg om offshore-prosjekta. Cleen Tech si mølle ligg på blåser og har vindstyrke tre, men har så stiv kuling at vindmølleblada dett av.

Kan det verte for mykje vind?

Caroline fortel representanten for Teknologipartiet at deira møllepark er billigare og sikrare. Politikaren vil ha tal på kor lønsamt det vil vere. Dit er dei ikkje komen enno, til reknestykket om kor lang tid det vil ta å tene inn kostnadane.

Men De revolusjonære er med på notane. Kristian Bakken vil ha fleire politikarar med på laget.

– Mindre kostnad og meir strøm, kva seier du?

Det hjelper lite. CleenTech har eit solid forsprang. Allereie på første forsøk fekk dei 1,67 mW med ti grader helling på blada. No er vinden auka og politikarane seglar med. Eit resultat byrjar å teikne seg.

Vindmøller flytande på bøyer utfor Vestby vert vedteke med klårt fleirtal.

LES OGSÅ: Vindmøller til havs kan knekke som fyrstikker

Lurer på kva Erna veit
Desse tenåringane har fått meir innsikt i vindmølleparkar og om korleis politiske avgjerder vert tekne.

Mattis meiner at klima er noko som er på dagsorden hjå politikarane, men er usikker på om det innimellom skortar litt på kunnskapen.

– Dei får jo desse rapportane, men ein kan spørje seg om kor mykje Erna Solberg og Siv Jensen faktisk veit om klimautfordringane, seier Mattis, som har intrykk av at klima ofte vert prioritert bak saker som skatt og næringsliv.

Det er ikkje alltid så enkelt, verken for skuleelevar eller politikarar, med eit så komplekst tema.


Mattis Natvig Segerberg tok sjølv initiativ til å lese seg opp på klimautfordringane, då han var tenåring.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE