Shakespeare og Kalvø på Det Norske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Speler mot kona og eksen

– Vi kan tilby ein innhaldsrik haust med 17 titlar på dei tre scenene våre. Det er viktig for oss å ha mange titlar å tilby publikum og kunne spele mange framsyningar over lengre tid, sa teatersjef Erik Ulfsby då han presenterte haustrepertoaret torsdag.

Lindgrens univers
Storsatsinga for barn i haust blir Astrid Lindgrens «Brørne Løvehjarte». Det er første gong historia blir sett opp på Det Norske Teatret. Det skjer i ei nydramatisering av Svein Sturla Hungnes – ein av dei mest erfarne regissørane i Teater-Noreg.

– Ei svært vanskeleg og spennande oppgåve. Eg både gler og gruar meg. Vi må finne eit godt uttrykk som triggar fantasien. Vi kan ikkje berre fortelje historia på nytt, seier Hungnes.

Stykket har premiere på hovudscenen 3. oktober med Emil Johnsen som Kavring og Oddgeir Thune som Jonathan Løvehjerte.

Storsatsinga i haust på hovudscenen er «Woyzeck – eit musikalsk mareritt» av Georg Büchner i ein versjon av Robert Wilson, Tom Waits og Kathleen Brennan.

– Ei samfunnskritisk og fargerik framsyning, seier teatersjef Ulfsby.

Woyzeck er bygd på ei sann historie om ein soldat som drap kjærasten sin i 1821. Hans Rønningen spelar Woyzeck. Lasse Kolsrud regisserer. Noregspremieren er 29. august.

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur

Leikar med kjønnsroller
I «Hamlet» leikar Shakespeare med kjønnsroller. Marie Blokhus skal spele Hamlet, mens mann hennar, Frank Kjosås, er Ofelia, den ulukkelege kjærleiken til Hamlet. Regien er ved den nytilsette husregissøren til Det Norske Teatret, Peer Perez Øian.

– Eg håpar vi får til ei framsyning der kjønnsrollene er viska ut og vi kjem inn til det eksistensielle i mennesket, seier Kjosås, som sjølv spelte Hamlet på Hålogaland Teater i Tromsø.

Ekteparet ser fram til å arbeide saman att. Dei har gjort det ein gong tidlegare, i prislønte «Sjuk ungdom», også det på Det Norske Teatret. Blokhus seier at ho kjem til å ta imot alle tips ho kan få av Kjosås.

– Eg hentar alltid råd frå kollegaer eg respekterer. Dette er lagarbeid, seier Blokhus. Det er då også eit uvanleg sterkt skodespelarlag som står på scenen i denne versjonen av «Hamlet». Mads Ousdal og Ane Dahl Torp har to av dei andre rollene.

I år er det 450 år sidan William Shakespeare blei fødd, og oppsetjinga av «Hamlet» er markeringa til Det Norske Teatret av jubileet. «Hamlet» har premiere på Scene 2 10. oktober.

LES OGSÅ: Ein annleis scenefavoritt

Humoristisk blikk på tidsbruk
31. oktober dukkar Are Kalvø opp på Scene 2 i det som blir den første soloframsyninga til Kalvø. Teatersjefen sjølv, Erik Ulfsby, har regien. Framsyninga har ganske enkelt fått tittelen «Kalvø». Her tar humoristen utgangspunkt i tidsbruken vår, og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar, heiter det i repertoarpresentasjonen.

Arne Lygres «Ingenting av meg"opnar hausten på Scene 2 med noregspremiere 5. september. «Ingenting av meg» blir skildra som eit poetisk skodespel om liv og kjærleik som liknar eit draumespel.

Tre på den minste
På den minste scena i teatret, Scene 3, er første premiere i haust «Eit hav av slike som Kaspar Hauser» av Felicia Zeller. Hilde Brinchmann har regien på stykket som handlar om korleis det er å arbeide i barnevernet i dag. Noregspremiere 11. september.

I oktober blir «Jeppe» av den tyske dramatikaren Lothar Trolle sett opp. Stykket byggjer på skodespelet til Holberg, men er flytt til vår tid.

I november er det urpremiere på «Sensurert» av Kim Atle Hansen. Dette er vinnarbidraget i konkurransen til Dramatikerforbundet om refleksjonar rundt paragraf 100, ytringsfridomsparagrafen, i Grunnloven. (©NPK)

Les fleire saker om teater her!

Spelemann på taket from Det Norske Teatret on Vimeo.

Faktaboks

Fakta om haustrepertoaret til Det Norske Teatret

«Woyzeck – eit musikalsk mareritt» av Georg Büchner. Regi: Lasse Kolsrud. Noregspremiere på hovudscenen 29. august.

«Løvehjarte» av Astrid Lindgren, dramatisering og regi: Svein Sturla Hungnes. Premiere på hovudscenen 3. oktober.

«Ingenting av meg» av Arne Lygre. Regi: Maria Kjærgaard-Sunesen. Noregspremiere på Scene 2 5. september.

«Hamlet» av William Shakespeare. Regi: Peer Perez Øian. Premiere på Scene 2 10. oktober.

«Kalvø» av og med Are Kalvø. Regi: Erik Ulfsby. Urpremiere på Scene 2 31. oktober.

«Eit hav av slike som Kaspar Hause» av Felicia Zeller. Regi: Hilde Brinchmann. Noregspremiere 11. september på Scene 3.

«Jeppe» av Lothar Trolle etter Ludvig Holbergs skodespel. Regi: Uwe Kramer. Urpremiere 16. oktober på Scene 3.

«Sensurert» av Kim Atle Hansen. Urpremiere på Scene 3 20. november.

Dessutan blir «Spelemann på taket», «Trost i taklampa», «Haugtussa», «Okse og esel» og «Det merkelege som hende med hunden den natta! spelt vidare.