Ein annleis teaterfavoritt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein annleis teaterfavoritt

«Det merkelege som hende med hunden den natta» er til no sett av over 200.000 menneske i London, etter urpremieren på National Theatre i august 2012.

Då britane delte ut sine teaterprisar, Olivier-prisane for 2013, håva stykket inn sju prisar, blant anna for beste nye skodespel og beste regi. Også boka stykket byggjer på er prislønt. Mark Haddon fekk fleire prisar då han gav ut romanen i 2003.

Regissør Trine Wiggen seier dette er ei sterk historie som rører henne på eit grunnleggjande plan, som forelder og som menneske.

– Dette er nok grunnen til den store suksessen boka hadde då ho kom, seier Wiggen til NTB.

LES OGSÅ: Over 200.000 i jubileumsåret

Litt annleis
I stykket møter vi 15-åringen Christopher, som er litt annleis. Han likar ikkje at folk tek på han, seier alltid sanninga, kan namnet på alle land i verda og kan alle primtal opp til 7.507 utanåt. Ei natt finn han hunden til naboen drepen. Han bestemmer seg for å etterforske drapet.

– Christopher er ein ung gut med åtferdsproblem, som han kallar det sjølv. Han prøver å løyse eit mysterium og endar med svar om familien som han ikkje visste om frå før, seier Emil Johnson, som spelar Christopher.

Johnson seier at Christopher føler seg sviken av foreldra som ikkje handterer kor vanskeleg han er.

– Men han gjev likevel ikkje opp å kjempe for sitt eige liv og for å få til draumane sine.

LES OGSÅ: Jon Fosse kritiserer Den Nationale Scene

Sterk historie
Regissør Trine Wiggen kallar stykket eit familiedrama, men også ei kriminalgåte der hovudpersonen blir ein slags etterforskar.

– Men meir enn noko anna handlar det om å vere forelder, om å bli vaksen og om å forstå verda til dei vaksne. Hovudpersonen strever etter å forstå kjærleiken og den abstrakte storleiken som kjærleik er, seier ho – og legg til:

– Det ikkje lett for nokon, i alle fall ikkje for dei som tolkar verda så konkret som menneske med Aspergers syndrom.

Marie Blokhus har rolla som læraren til Christopher, Shioban.

– Eg er kanskje den einaste som forstår han, som veit korleis eg skal prate med han og prøver å leggje til rette for at han skal utrette dei tinga han ønskjer og bruke talentet sitt på best mogleg måte. Det er mange som har hatt ein viktig lærar, som har sett og forstått dei, og som har fått dei inn i rett spor. Eg er ein slik lærar for Christopher, seier skodespelaren.

«Det merkelege som hende med hunden den natta» har norgespremiere på Det Norske Teatrets Scene 3. torsdag 13. mars. Stykket er omsett av Jon Fosse.

Les fleire saker om teater her!

Faktaboks

Fakta om «Det merkelege som hende med hunden den natta»

* Originaltittel: The Curious Incident of the Dog in the Night-Time.
* Stykket er basert på ein roman av Mark Haddon. Dramatisert av Simon Stephens.
* I London har over 200.000 menneske benka seg i salen, etter at stykket hadde urpremiere på National Theatre i august 2012.
* Noregspremieren er på Det Norske Teatrets Scene 3 torsdag 13. mars.
* I rollene: Emil Johnsen, Ingunn B. Øyen, Espen Reboli Bjerke, Marie Blokhus, Britt Langlie, Jan Grønli, Ingrid Jørgensen Dragland, Geir Kvarme.
* Regi: Trine Wiggen, dramaturg Ola E. Bø.
* Omsett av Jon Fosse. (©NPK)