På mental ferie

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sanitetssoldat Tonje Larsen (19), journalist, presse- og informasjonsassistent Ida Marie Eggen (19), skarpskyttar Kristian Hoff (19) og hovudstillitsvald Astrid Vig (20) er alle inne i dei siste månadane av førstegongstenesta i Garden. Eitt år med omfattande drill, trening og streng disiplin er snart omme. Snart må gardistane styre tida si sjølv og ta sine eigne val.

Det er ikkje berre noko å gle seg til. Dei fire gardistane meiner at disiplinen i Forsvaret kan vere frigjerande.

Sosiologane Ulla-Britt Lilleaas og Dag Ellingsen har forska på soldatar i førstegongsteneste, og vart overraska over kor godt mange trivst under streng disiplin. Forskarane meiner at funna kan ha relevans også utanfor Forsvaret, i eit samfunn der mange unge vert overvelda av stor valfridommen. Lektor Karl-Eirik Kval ved Fagerborg vidaregåande skule er einig, og meiner skulen har noko å lære av studien.

LES MEIR: Trivst under streng disiplin

Sanitetssoldaten: Ingen vil vere lauken
Tonje Larsen (19), Kristiansand

 
– Dagane i Huseby leir byrjar alltid på same måte. Vi står opp klokka 06.00, vaskar rommet, et frukost og stiller vask. Etter det er dagane varierte, med alt frå køyre- eller sambandstrening, til fysisk fostring. Vår tropp bruker sjølvsagt mykje tid på sanitetsarbeid. Før vi kom til Huseby, var eg gjennom to månader i Gardens rekruttskule på Terningmoen og ti dagar i gardeperiode.

Disiplin er viktig i Forsvaret, og særleg i byrjinga er befala strenge. I rekruttskulen øvde vi til dømes mykje på å melde til høgare rang, altså å helse korrekt. Krava om at vi skal sjå skikkelege ut i uniformen er også særleg viktig i Garden, sidan vi skal vere Forsvarets andlet utover. Når nye soldatar kjem til Huseby må vi stramme inn disiplinen. Etter kvart vert ein gjerne betre kjent med befala, og det kan løysne litt. Dei er framleis av høgare rang, men ein kan vere kompis på same tid.

Overgangen frå fridommen i det sivile liv til disiplinen i Forsvaret gjekk veldig greit. Eg førebudde meg mykje, kanskje litt ekstra sidan eg er jente. Då eg kom trudde eg det skulle vere skikkeleg strengt, og opplevde faktisk at det ikkje var så ille som eg hadde trudd. Eg trivst veldig godt i Forsvaret, og rekruttskulen var den beste tida eg har hatt i Forsvaret til no. Her har vi veldig klare rammer, ein veit alltid kva ein skal gjere, og ein lærer mykje. Eg trur mange kan ha veldig godt av  eit år i Forsvaret. Det er faktisk ganske deilig å ha eit år utan å tenke på kva ein ønsker og vil vidare.

Vi har veldig respekt for befala og eg forstår at det må vere strengt når ein skal få alle til å fungere saman. I Forsvaret er vi i tillegg i heilt nye situasjonar, og befala er dei som veit kva vi skal gjere. Samstundes er dei ganske flinke til å ta til seg kritikk og vi kan ta opp saker vi er misnøgde med med dei tillitsvalde.

Det er likevel ikkje all disiplinen eg ser heilt poenget med. Vi må vere veldig nøye med å stryke uniformane til dømes. Sånn tidsbruk kan verke litt meiningslaust i sanitetstroppen og eg kan lure på om det verkeleg er så farleg om vi har litt blod på buksa. Samstundes skjønar eg det, sidan vi er i Garden.

Ein kan samanlikne Forsvaret og skulen litt. Ein lærar som er altfor snill og godtar for mykje, kan få elevar som gjer veldig mykje rart. Ein skilnad frå det sivile liv som kanskje heng saman med disiplinen i Forsvaret, er fokuset på å bli god. På skulen vil ingen vere englebarnet, som sit på fremste rad og kan alle svara. Her vil ingen vere lauken, som forsøv seg og kjem for seint. Alle vil vere den beste. Vi yter meir, hjelper kvarandre med oppgåvene, og har lyst til gjere det bra.

LES OGSÅ: Meir disiplin i skulen

Informasjon- og presseassistenten: Forsvaret er som ein mental ferie
Ida Marie Eggen (19), Sarpsborg


– Eg var også ganske førebudd på at Forsvaret kom til å vere veldig strengt og hardt før eg byrja. Som jente må ein trene ekstra hardt for å vere like fysisk sterk som gutane, og eg trente mykje før eg byrja.  Men når ein har sett føre seg det verste, så vert det ikkje så ille når ein først er i gong.

Ein må gjere seg fortent til å sleppe litt av disiplinen. På rekruttskulen vart vi kalla «tropp omvask», fordi vi nesten alltid måtte vaske rommet på ny. Ein gong haldt vi på til eitt på natta. Sjølv om det er strengare på rekruttskulen enn på Huseby, likte eg meg veldig godt der. Disiplinen skaper tryggleik og rammer når så mange folk er samla, og fellesskapen blir veldig sterk. Det harde køyret gjorde rekruttskulen til ein slags mental ferie. 

Ein kan oppleve nokre sider ved disiplinen som urettferdig, og det autoritære systemet kan gjere at nokon vert redde for å seie frå. Samstundes er det ikkje som på film – befala er ganske flinke til å ta til seg kritikk.

Eg opplever at rutinane og rammene kan gjere det enklare å vere i Forsvaret enn i det sivile liv. I tillegg vert ein kjent med seg sjølv gjennom utfordringane ein får, og det kan hjelpe ein til å finne ut kva ein vil seinare. Og som Tonje seier, disiplinen er med å gjere at det er kult å vere god. Dersom eg hadde vore umotivert og ikkje ville vere her, hadde det nok vore vanskelegare å godta disiplinen.

Det er nokre likskapar mellom Forsvaret og skulen. Vi har til dømes alle dei same typane i Forsvaret som ein har i ein klasse. På skulen er det viktig å ha eit godt forhold til læraren, og ikkje vere redd for å spørje. Då kan ikkje lærarane vere for autoritære. Samstundes bør ein vite kvar grensene går. Det hadde blitt vanskelegare å skulke om rammene var klarare.

LES OGSÅ: No kan dei ha fletter

Skarpskyttaren: Deilig å sleppe alle vala
Kristian Hoff (19), Ålesund.

– Troppen min fartar mykje rundt. Vi har nettopp vore med på NATO-øvinga Cold Response. Snart skal vi på oppdrag i høve Ridderrennet.

Eg likar meg godt i Forsvaret, og syns ikkje at overgangen frå det sivile liv var så stor. Nokre gongar kan eg sakne å styre mi eiga tid. Det er ganske firkanta her, og eg kunne tenkt meg å ein gong i blant sleppe å leggje meg klokka 23.00, til dømes. Samstundes er det faktisk ganske deilig å sleppe å ta så mange val. Disiplin kan vere bra, men det kan òg misbrukast til å herse med folk.

Eg trur ofte det kan vere litt for lett å sleppe unna i vidaregåande. Det skjer ingenting dersom ein ikkje møter opp. I Forsvaret får ein refs om ein ikkje gjer sitt, og det er positivt. Då kan ein stole på at folk kjem og gjer sitt. I tillegg har vi faste planar og rutinar, og vi slepp å alltid ta stilling til kva vi skal gjere. Eg trur mange kunne hatt godt å av å vere i Forsvaret, og at skulen kan lære noko.

LES OGSÅ: Rekordmange vil i Forsvaret

Avdelingstillitsvald for soldatane: Frigjerande med disiplin
Astrid Vig (20), Drammen.

– Eg er tillitsvald for soldatane. Det er ei særstilling, som gjer at eg styrer dagane sjølv i større grad enn dei andre soldatane.

Eg trivst veldig godt med disiplinen i Forsvaret. Den gjer alt enklare, meir føreseieleg og effektivt. Ein får gjort det ein skal og det vert mindre tull og fjas. Før kunne eg sove lenge og ete når eg ville. Det kunne fort skli ut. Her øver vi på sjølvkontroll. No veit eg at meir om kva eg kan klare og det kjem eg til å ha med meg vidare. På ein måte er disiplinen frigjerande, fordi det blir mindre kaos. I byrjinga kan disiplinen vere litt rar. Men det veks på deg, og så vert det deilig, fordi ein veit kva som skjer.

Når ein kjem i Forsvaret er ein i heilt nye situasjonar. Då er det naturleg å la befala bestemme. Eg visste ikkje noko om stridsteknikk, som det å ta grop. Til og med vasking måtte eg lære. Eg trudde jo at eg kunne vaske, men eg kunne ikkje vaske. Ein lar seg disiplinere fordi befala har meir erfaring og kunnskap enn ein sjølv. Vi blir ikkje tvinga, men vi får respekt for dei. Den respekten for dei som har erfaring og kunnskap manglar kanskje litt i samfunnet elles.

Når det gjeld kva skulen kan lære av Forsvaret, så skal det seiast at eg gjekk på ein skule der elevane var motiverte og disiplinerte. Eg trur at det høge fråværet handlar både om elevane sine haldningar, og om at lærarane har så ulik bakgrunn og dermed ulik praksis.

LES OGSÅ: Slutt på griseprat på fellesrom

Faktaboks

Garden

Kvart år går kring tusen vernepliktige gjennom grunnleggjande infanteriutdanning ved Gardeskulen på Terningmoen. Deretter går dei vidare til meir omfattande og spesialisert utdanning på Huseby leir i Oslo. Soldatane vert delt i troppar og kompani, kvar med sine oppgåver. Uansett kva oppgåva er skal den terpast inn, gjennom drill og øving. Gardistane skal også vere Noregs andlet utad, og difor er også trening på marsjering, eksersis og haldningar viktig i Garden.